Varslar fare for store nedbørsmengder

Åtvarar også mot jordskred.
Nyhende

Det er sendt ut gule farevarsel for både store nedbørsmengder og jordskred på Nordvestlandet. Frå onsdag kveld og dei neste 24 timane kan det kome opp mot 100 millimeter nedbør og det er dette som fører til auka jordskredfare. Det er venta at faren for jordskred varer frå onsdag til og med fredag, men dette kan endre seg og faren vil vere størst der det kjem mest nedbør.