Vil hindre at viktig lokalhistorie vert borte

- Ikkje kast gamle protokollar, oppmodar f.v. arkivleiar Silje Ekroll Riborg, historielagsleiar John Osnes og arkivar Åsta Vadset. Den som har gamle protokollar og anna arkivmateriale liggande heime, kan ta kontakt med arkivleiaren og levere dette på rådhuset. 

Nyhende

Veit du ikkje heilt kva du skal gjere med den gamle styreprotokollen til den nedlagde misjonsforeininga som dukka opp då du rydda huset etter bestemor? Eller gamle brev, medlemslister og andre delar av private arkiv?