Komponisten og spelemannen frå Kaldholen

Gåverik: Olavius Kaldhol komponerte ei mengde slåttar og var ei nmykje nytta spelemann i distriktet, men er i dag ukjend for mange. 

FAKTA
  • Olavius Kaldhol vart fødd i 1873, og levde til 1955. Foreldra var Elias Kaldhol og Karen f. Hjørungdal. Dei sat på ein tradisjonsrik gard i Kaldholen. Dei første nedteikningane i bygdeboka er frå 1520.
Nyhende

Olavius var ein gåverik og musikalsk gut alt frå barnsbein av. Han kunne spele på dei fleste instrument. (Vikebladet 27.5.1943.)

Faren, Elias laga han ei fele av ei fjøl då han var liten, med hestetagl som strengar, men storhende melde seg ein dag han fekk låne med seg heim fela til Juss-Andrias på Bigset, seier Olavius i eit intervju til Ivar Grimstad. «Han var så snill å låne meg fela si. Eg kan enno minnast då eg gjekk innatt i Kaldholen med ho. Eg laut setja meg på tuvene på vegkanten og spela rett som det var. Ja, det var ei lyst!!»

Olavius Kaldhol var med i songkor heilt frå Rasofiel Rise samla ungdomen til fleirstemmig song i hareidskyrkja. Til Sunnmørsposten fortel han i 1953 at han hadde spela i over hundre bryllup frå Hornindal til Sneva i Sunndalen.

Då han gjekk på lærarskule i Volda i 1890-åra kom han saman med Hans Geitvik, P.M.Gjærder, Martinus Bjørdal og S. Uggedal. Dei skipa eit spelemannslag, og også saman med dei turnerte han vide omkring.

På 1800-talet strøymde det ny musikk frå Europa og særleg Tyskland. Dette var slåttar som reinlender, masurka og vals, og som særleg festa seg i Gudbrandsdalen, Møre og Nordfjord.

Sunnmørsposten 3. juni 1953 om Olavius Kaldhol: «Han forma dei om etter vårt lynne, og gav desse ein heimsleg dåm. Ved sida av sine vener og kameratar Per Bolstad og Hans Geitvik, vart han skaparen av det vi i dag meiner med gamal sunnmørsk slåttemusikk.»

Gåverik: Olavius Kaldhol komponerte ei mengde slåttar og var ei nmykje nytta spelemann i distriktet, men er i dag ukjend for mange. 

Olavius Kaldhol møtte likesinna på reisene sine, og han har komponert ei mengd med slåttar.

Nabo Idar Kaldhol hugsar frå gutedagane, Olavius som ein mann som var godt likt av borna i nabolaget, og som av og til sat på trappa og spela. Personleg hugsar eg han godt som ein staseleg tilårskomen mann. Eg var 13 det året han døydde.

Denne gåverike komponisten og felespelaren frå Hareidsdalen er ikkje så ofte nemnd i avisene dei siste 30-40 åra, og difor altfor lite kjend i dag.

Tida som han levde i må vel også truleg ta mykje av skulda for dette. På slutten av 1800-talet rådde det ei pietistisk haldning blant folk der slåttar og fele mildt sagt ikkje høvde inn. Men etter århundreskiftet var det mange her i bygdene som ville ha opplæring i felespel hos Olavius Kaldhol. Og han var vide kjend her i landet, og også etter kvart i andre land, for musikken sin. Og det er såleis å vone at nye generasjonar vil lære seg dette namnet og kva denne særmerkte bygdemannen stod for, sjøl om han ikkje har fått noko bauta etter seg.

I tillegg til alt dette var Olavius ein framifrå bygningsmann, felemakar og ein ihuga bonde i Kaldholen der den tradisjonsrike garden blei vyrdsla og stelt på beste vis.

Torsdag 21. oktober i Hareidsstemneveka får vi smakebitar av Olavius Kaldhol sine musikk. Johan Moldskred vil syte for dette på trekkspel under lyrikkvelden på Bigset skule og Rasofielgarden Vonheim.