Er det rimeleg å kreve av lærarstudentar og lærarar at dei har kunnskap om og kompetanse i det dei skal undervise i?

kommentar

Utdanning: Er det rimeleg å tru at ein som har dårlegaste ståkarakter i matematikk, vil bli ein god lærar i faget og fag som krev matematisk forståing? spør Atle Måseide i denne kommentaren. 

Nyhende

Eg vedgår gjerne at dette må te seg som eit temmeleg frekt spørsmål. Men det er ikkje tilfeldig at eg stiller det. Eg var tilsett ved ei utdanning av høgskolelærarar frå 1979 til 1981, hadde vore timelærar i 1978/79 og var rettleiar for halve avgangskullet i 1982. Dette var første møtet mitt med faget pedagogikk og dei som underviste i det. Dét sette djupe spor.