Innstiller ferjeavgangar i fire veker

Den gamle ferjekaia på Sulesund skal få ny fendring og kan ikkje nyttast som liggekai for C-ferja medan dette arbeidet går føre seg.   Foto: Terje Aamodt

Nyhende

Fenderane ved den gamle ferjekaia på Sulesund må skiftast ut og dette fører til at tre avgangar på kvardagar med C-ferja vert innstilt i fire veker frå og med 22. november. Dei tre avgangane dette gjeld er klokka 06.10 og 18.10 frå Sulesund og 18.40 frå Hareid.