PBL

Klare til streik

Alle dei private barnehagane i Ulstein kommune sluttar opp om aksjonen til Private Barnehagers Landsforening.

Denne gjengen var i føremiddag streikeklare mot pensjonskutt til private barnehagar. Frå venstre Knut Erik Engh, Ellen Skodjevåg Bø, Kathrin Rise, Berit-Mari Nilssen Nystøyl og Gunn-Marte Hasund og ein gjeng med born frå Høddvollbarnehagen. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

PBL har oppmoda alle private barnehagar til å stenge barnehagen klokka to onsdag denne veka. Det gjer dei for å protestere mot forslaget om å redusere pensjonsoverføringane til dei private barnehagane.