Inviterer til julelystenning og julehandel i sentrum:

– Velkomen til Hareid

Fredag kveld blir det både tenning av julegrana, julestjerna i Melshornlia og julelysa i sentrumsgatene. Elles framover vil det bli aktivitetar og arrangement som skal bidra til ei fin førjulstid for innbyggjarane i Hareid.

Juleglede: Her har fjøsnissen i Hareid fått med seg fleire nissar – som jobbar saman for å skape aktivitet og trivsel i tida fram mot jul. Frå venstre ser ein Nora Maria Rognstad, Arild Grimstad, Idar Flø, Julie Sundgot Andersen, fjøsnissen, Marthe Ulfseth og Johs Christian Riise – som alle er med i Hareid sentrumsforeining. Bente Andreassen Pilskog, Linda Godø, Haakon Riise og Anne Vasstrand var ikkje til stades då bildet blei tatt.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

– Vi har nyleg oppretta Hareid sentrumsforeining, der ein har representantar frå butikkgruppa, Hareid Næringsforum, Vekst i Hareid, Hafest, Opplev Hareid, kyrkjelyden og Hareid kommune – som vil jobbe saman for å skape ei fin førjulstid for innbyggjarane i kommunen.