Sit att med to alternativ

Utviding av Ulstein kyrkje framleis aktuelt

- eller ny kyrkje på Vikholmen

Vikholmen Dette kan verte plasseringa til ei ny kyrkje i Ulstein. Det andre alternativet er å bygge på den eksisterande kyrkja. 

Nyhende

- Det blir anten utviding av eksisterande kyrkje eller nytt kyrkjebygg på Store Vikholmen, varslar kyrkjeverja i Ulstein sokn, Anders Myrene.

Etter at framlegget om å byggje nytt inntil eksisterande Ulstein kyrkje møtte ein del motstand, vart det sett ned ei gruppe som har vurdert fleire alternativ.

Dei har gått gjennom og vurdert 20 ulike alternativ til kvar dei kan byggje ut. Det kokte ned til fire, Nybygg på Holseker, Vollane, Store Vikholmen og påbygg av eksisterande kyrkje. No sit dei att med to alternativ: Nybygg på Store Vikholmen eller å bygge på kyrkja.

Ulstein sokn har ikkje gått vekk frå planane om å byggje ipå Ulstein kyrkje. No skal eit konsulentfirma setje dei to alternativa opp mot kvarandre. Midten av oktober kjem dei med ein rapport. I november skal kyrkjeleg fellesråd ha omframt soknerådsmøte, så skal saka tilbake til fellesrådet, før saka omsider blir lagt fram for Ulstein kommunestyre.

Det er framleis ikkje avgjort korleis eit eventuelt påbygg til eksisterande Ulstein kyrkje vil bli sjåande ut.