Tildelinga, som er i regi av det kyrkjelege pedagogiske senteret IKO, skjedde på Lillestrøm i går.

– Vi er sjølvsagt svært glade  over tildelinga, kommenterer kyrkjeverje Bjørg Vartdal Hareide, som fortel at Hareid fekk tildelt pengar til eit trusopplæringsprosjekt for første gong for om lag ti år sidan. Den gongen fekk sokna pengar etter søknad, men ikkje alle fekk. No får alle slike midlar.

Ser resultat av arbeidet

Til spørsmålet om kor vidt Hareid sokn ser resultat av det no tiårige arbeidet, er kyrkjeverja svært klar:

– Åja, det gjer vi. Dei som er konfirmantar i dag og har vore  med på dei ulike opplegga våre  i ein tiårsperiode kan ufatteleg mykje meir om kristendom enn dei som var konfirmantar for ti år sidan. Dei kan mykje meir fakta og slikt. Og då trur vi også at dei er betre rusta til det neste steget – «kva så?». Vi trur det er lettare for dei å setje ut i livet det dei kan i teorien.

Frå 0 til 18 år

I dag gir Hareid sokn tilbod om trusopplæring til alle alderssteg frå 0 til 18 år. Det aller første tilbodet er deltaking på «babysong». Så er der ulike tiltak oppover i aldersklassene, ikkje alle like store, men det går i eitt heile vegen – opp til 18 år. Dei unge blir oppfølgde i eit breitt opplegg som har vorte utbygt meir og meir.

– Men no lurer vel enkelte på kven som kan nytte seg av dette tilbodet – om det er obligatorisk eller frivillig o.s.v.?

– Det er ope for alle. Men sidan dette er eit tilbod frå kyrkja si side, går vi ut med invitasjonar og brosjyrer berre til dei som er medlemer i Den norske kyrkja. Alle døypte får dette tilbodet, men også dei som ikkje er døypte, men der foreldra er medlemer av kyrkja. Men det er fritt for å vere med også for born som soknar til andre trusamfunn. Det er berre å ta kontakt. Tilbodet er heilt ope.

Det var kateket Stein Karstensen som var først i bresjen med dette. I dag er det kyrkjelydspedagog Barbro Østrem som står for gjennomføringa og det meste av det utøvande arbeidet. Ved sida si har ho Eli-Sølvi Jønsson i ei 50-prosentstilling. Ho er med som utøvande på ein del av tiltaka, men har først og fremst ansvar for det som går på invitasjonar, brosjyrer, statistikkar og slikt. Så har også Anvor Sukka ein liten stillingsprosent når det gjeld babysong og småbarnssong – og sjølvsagt er også kantor Ida Teige involvert.

I tillegg er der ei rekke frivillige hjelparar.

Ein årleg pris

Trusopplæringsprisen har  vore delt ut årleg sidan 2001 – til kyrkjelydar, organisasjonar eller grupper som på ein særleg god måte har fremja kristen trusopplæring.

I ei pressemelding frå IKO om nominasjonen av Hareid sokn heiter det bl. a. slik:

«Det er utforma årshjul og detaljerte skildringar av alle tiltak. Tiltaka vert formidla gjennom innbydande og opplysande brosjyrar. God kommunikasjon med barnehagar, skular og familiar har gjort trusopplæringsarbeidet godt kjent i bygda».

Fekk prisen på stor konferanse

Hareid kyrkjelyd fekk prisen på Trusopplæringskonferansen i går onsdag 22. oktober framfor om lag 1.800 medarbeidarar frå kyrkjelydar i heile Norge. Konferansen vert arrangert kvart år på Norges Varemesse på Lillestrøm.

Prisen er på 20.000 kroner i tillegg til eit kunstverk av kunstnaren Helge Bøe.

Dei to andre nominerte til 2014-prisen var konfirmantopplegget ”Følg meg” i Nordfjord og trusopplæringsarbeidet i Sigdal og Eggedal.