Tidlegare Ulstein-ordførar Asbjørn Flø fekk for ei tid sidan invitasjon frå Hoffsjefen ved slottet, der han vart bydd inn til Afternoon Tea i dag tysdag.

Arrangementet er ein samkome der Kongen og Dronninga inviterer eldre eldsjeler til ein ettermiddag på slottet, og denne gongen skal også prinsesse Astrid, fru Ferner vere til stades.

Flø fortel at det var eit barnebarn, på vegner av familien, som hadde søkt om at han måtte få delta på samkomet.

I sommar skreiv Vikebladet Vestposten om arrangementet, og at ordførarane i Ulstein og Hareid då var på jakt etter forslag om aktive pensjonistar som fortente å verte inviterte på Afternoon Tea.

– Det var så lenge sidan, så eg rekna ikkje med at det skulle bli noko, fortel Flø.

Tysdag morgon sat han likevel på morgonflyet frå Hovden, med Oslo og det kongelege slott som mål.

Møtte Kong Olav

Flø fortel at så vidt som han veit, så er det fire frå Møre og Romsdal som er inviterte til Afternoon Tea.

Besøket på slottet blir det første for Asbjørn.

– Eg har vel vore opp åt, men det er også det einaste, smiler han.

Flø har likevel vore i kontakt med kongelege tidlegare, og den tidlegare ordføraren fortel at han har helst på Kong Olav både ein og to gongar.

– Eg har ikkje møtt Kong Harald tidlegare, men då eg var ordførar møtte eg Kong Olav to gongar i Molde. Ein gong var vel under innsetjing av ny biskop, og andre gongen var ved Kongebjørka.

På spørsmål om han er spent før møtet med dei kongelege, dreg Flø litt på svaret.

– Litt spenning er det vel. Det er ikkje slik som i kvardagen. Eg har ikkje tenkt så mykje på det, men eg har bestilt flybillett og meldt frå om at eg kjem.