For nokre veker sidan trykte Vikebladet Vestposten eit bilde frå Klovevatnet (bak Malsdalsklova) på Kolåshalvøya eit par veker ut i september. Ved utløpet av vatnet hadde det samla seg lange strimer med eit gult støv. Var det langtransportert støv frå kontinentet? Var det vulkansk nedfall frå Island? Eller var det lokalt nedfall av frø, pollen eller sopp?

No er svaret her: Det gule støvet var sannsynlegvis ”bjørkerustsopp”.

”Gullstøv”

Etter ein del leiting med varierande søkjeord på verdsveven kom eg over dette i den ultralokale nettsida iStorfjord i Lyngen i Troms:

”På stille dager kan man se store områder på sjøen som glimrer som om det skulle være gullstøv. Det er bjørkerustsoppen (Melampsoridium betulinum) som farger sjøen gul. Soppen er vanlig i hele landet , og enkelte år er angrepene store og omfattende.”

Artikkelen var skriven på tampen av august i 2011 – ved overgangen til september – og fell årstidsmessig rimeleg bra saman i tid med mine observasjonar i midten av september. Ein varm ettersommar, som vi hadde i år, med fuktig luft er nemleg ideelt til spreiing av soppen.

”Uredosporer”

Sopp-angrepa skjer vanlegvis i bjørkeskog i rundt 200 meters høgde og opp til fjellskogen. Det som spreier seg frå bjørkeblada blir kalla ”uredosporer”, som vi altså kan sjå som gult støv på både innsjøar og fjordar. Det kan også legge seg på bilar og klesvatn.

Enkelte meiner at fenomenet er aukande og at det har med klimaendringane å gjere, d.v.s. eit varmare og fuktigare vêrlag. At dette sopp-åtaket kjem så seint i vekstsesongen, gjer at det får minimalt å seie for overleving og vekst.

Ein jeger som hadde vore på jakt i Oppdal på den same tida i år fortalde at skorne hans var gule av støv då han kom inn frå jakta. Det var sannsynlegvis det same fenomenet, men mindre synleg i lyngen.

NB: Det står vidare å lese i fagartiklar om emnet at bjørkeblada blir infiserte av denne soppen når knoppane sprett i fuktig vêr. Vi har hatt ein tørr sommar her i distriktet, men tida då bjørka spratt var heller fuktig.