Kristine Brungot ved Ulstein kulturkontor opplyser at dei har bestemt seg for å avlyse den planlagde familiedagen til Borgarøya komande søndag. Arrangementet skulle vere ein del av Smak av Ulstein.

- Veret blir kanskje litt betre på søndag, men vi har bestemt oss for å avlyse uansett, seier Brungot.

Familiedagen på Borgarøya var også ein lekk i Friluftsåret 2015, og Brungot fortel at dei håper på å fåt til ein familiedag på Borgarøya om ikkje så lenge.

- Men det skjer mykje anna kjekt under Smak av Ulstein. I dag klokka 16.00 er det offisiell opning av Sjøgata, og folk er velkomne til å vere med på denne hendinga. Ved utescena på kulturalmenningen blir det gratis familieshow med Rocke-Ruben, og i kveld er det konsert med Hæmingen og Ola Bremnes, reklamerer kulturkonsulent Kristine Brungot.