Fredag var den anerkjende Venstre-politikaren Abid Raja, saman med partikollegaene Gunn Berit Gjerde, Annika Brandal og Pål Farstad, på Sulesund for å diskutere samferdslepolitikk. Det skirv Sunnmørsposten.

Raja, som nyleg har vore på ein sykkeltul frå Lindesnes til Nordkapp, seier til avisa at han har fått ei «vaksenopplæring».

- Dette har vore ei danningsreise for meg der eg har blitt kjent med kor viktig samferdsle er for busetnad og næringsliv, seier han til Sunnmørsposten.

Veit for lite

Ifølgje Stortingspolitikaren, som også sit i transport- og kommunikasjonskomiteen, har politikarar på austlandet for lite kunnskap om korleis det ser ut elles i landet.

- Mange politikarar som har vakse opp på det sentrale austland veit for lite om korleis samferdselen fungerer i resten av landet, hevdar Raja.

Vikebladet Vestposten har fleire gonger skrive om trøbbel på ferjestrekninga Hareid-Sulesund. Gjerde, som er fylkesvaraordførar i Møre og Romsdal, meiner ifølgje Sunnmørsposten at folk er rasande over gamalt ferjemateriell og at ein må ta eit krafttak for å fornye ferjeflåten.

Den påstanden seier Raja seg einig i, men som rett nok ikkje kunne gi garantiar om meir pengar til akkurat det.

- Det må vi først drøfte i stortingsgruppa og så ikkje minst påverke andre på Stortinget. Eg kan ikkje love her og no meir pengar til samfersle, påpeikar Raja, som ønskjer å stresse på for å få fram

Stortingspolitikar Abid Raja var på Sunnmøre for å diskutere samferdslepolitikk, då i stor grad ferjesambandet mellom Hareid og Sulesund. Her frå eit besøk på Hareidlandet i 2011. Foto: Ingvild Aursøy Måseide/arkivfoto