Ulstein kommune har starta opp arbeidet med å byggje Arena Ulstein. Det gjer at området der bussen vanlegvis set av skuleborna er omgjort til anleggsområde dette skuleåret (2015-2016).

Difor vil bussen stoppe andre stader enn vanleg.

Morgonskyss

Elevane som kjem med buss frå Varleite til Ulsteinvik barneskule blir som vanleg sette av i Prost Ankersgate oppom undomsskulen.

Elevane som kjem med Fløbussen og skal til Ulstein ungdomsskule får avstiging i Gjerdegata bak kyrkja. Bussen køyrer opp på Reiten og inn Gjerdegata, og etter avstiging for elevane, køyrer bussen ned Kyrkjebakken og inn til haldeplassen i sentrum for samband til Hareid osb.

Ungdomsskuleelevane som kjem frå andre krinsar har avstiging i Vikemyra ved «gamleapoteket». Bussen skal vidare til Ulstein vidaregåande skule, køyrer opp Holsekerdalen og ned på «nye» Holsekerdalen ved brua.

Påstigning ettermiddag

Når elevane skal heim igjen på ettermiddagen er det andre busshaldeplassar som gjeld. Då skal alle elevane gå ned til busshaldeplassen i Sjøgata og ta buss derifrå.

Badeskyss

Skuleelevane frå Haddal, Hasund og Ulstein som skal inn til sentrum for å ha symjeundervisning, blir sett av med buss i Vikemyra. Der skal dei også gå på bussen etter dei er ferdig med badinga.