Hødd-jentene Selene Meinseth (17) og Rikke Amundsen (17) er dei nyaste skota på dommarstammen til klubben.  Begge dømte nokre kampar på slutten av fjorårssesongen, og er klare for sin første sesong. Jentene ser fram til dei komande månadene - ikkje minst å få betalt for å drive med noko dei uansett synast er gøy. –Det er klart at det er kjekt å ha hobbyen som jobb, seier Selene.

Saman med klubbvenninna har ho spelt handball sidan 9-årsalderen, før dei saman tok dommarkurs i vår.  Selene meiner at dei har vorte betre spelarar av å dømme, fordi dei lærar meir om reglar og heilskapen i sporten.

Hødd handball vil gjerne rekruttere nye dommarar, og no har du sjansen. Dei neste vekene kan du ta kurs som barnekampleiar i regi av Region Midt-Norge. Kursa arrangerast i samband med Rem Cup i Fosnavåg 11.-13. september og Ålesund Cup 2.-4. oktober (påmeldingsfrist 4. og 25. september).

Opplæringa inneheld både teori og praktiske øvingar. I tillegg til regelverk, vil ein lære om verdiane barnehandballen byggjer på. Om du ønskjer meir informasjon om tilbodet, kan du kontakte handballkretsen, eller dommarkontakt Guri Brevik i Hødd handball.