I morgon laurdag 27. oktober fyller ulsteiningen Jarle Osnes 90 år. Laurdagen blir også avslutningsdag for den superkorte utstillinga av bilda hans i Aktivitetshuset på Store Vikholmen i Ulsteinvik. Utstillinga vart opna fredag kveld.

Så skund deg, om du vil sjå.

Alt den første timen selde Osnes nokre titals bilde - og meir vart det heiilt sikkert ut over kvelden.

Særleg bildet hans av den første utedansen i Ulstenvik i 1939 var det rift om. Osnes har trykt opp 10 eksemplar.

Hovudpersonen sjølv vart presentert av kunstlagsleiar Aud Marit Wigg, som omtala Osnes som ein både uttrykksfull og humørfull kunstnar, som hadde sleppt seg meir laus i kunsten enn han har kunna i det meir regelbundne yrket som arkitekt.

- Du har ein ungdommeleg strek, sa Wigg til 90-åringen, - og vi kan i stor grad lese bilda dine som ei bok. Her er troll, nissar, alvar og englar, ein Winston Churchill og ein Henrik Ibsen - og jamvel to homofile prestar som blir smidd i "hymens lenker" av ein tredje prest.

Jarle Osnes var ikkje verre på det enn at han tok med dei mange frammøtte på eit miniforedrag framfor nokre av verka sine. Særleg var folk interesserte i eit par store bilde frå gamle dagar i Ulsteinvik. Og særleg vart bildet av den første utedansen i 1939, omtalt. Då var Osnes sjølv 18 år.