Julegjesten “Jul på Sunnmøre” er ikkje like tidleg ute som julemannane, men no er han her - i sin 43. årgang - med mykje tyggbart stoff i eit nostalgisk perspektiv.

Bladet er på 80 sider, er rikt illustrert og har 18 artiklar.

Stoffet er som vanleg fordelt vidt utover Sunnmøre - om enn med ei viss overvekt frå fjordbygdene. Det har kanskje å gjere med at fjordlandskapet er meir intimt og julete enn kystlandskapet?

Artiklar som denne gongen kan linkast til Ytre Søre Sunnmøre, er for det første nokre historier som skipper Peter Bakke-Hareide frå Hareid har fortalt til hjørungavågaren Richard Bergh. Peter vart fødd i 1901 og døydde i 1982. Bergh intervjua han ein gong på vårparten det året Peter døydde.  Historiene spenner frå seglskutetida og fram til etter 2. verdskrigen.

Elles skriv Arnljot Grimstad, Hareid/Leikong, om då flypioneren Tryggve Gran, som var den første som kryssa Nordsjøen med fly, “tvinga” Roald Amundsen til å  legge om planane om å nå Nordpolen.

-

Heftet tek til med at årets julepreike blir halde av Per Kristian Hovden Sætre, ein 27-åring som no er prest i Jar kyrkjelyd i Bærum, men som er oppvaksen i Ørsta. Han krinsar rundt Anders Hovden sin julesalme “Joleklokkor yver jordi” og konstaterer at det var lite falskt ved Hovden. “Den svulstige juleidyllen hadde  han lite sans for”.

Jostein O. Mo - også han ørsting - skriv om Ivar Aasen i den anekdotiske artikkelen “Ivar Aasen var Ivar Aasen”.

Kjetil Tandstad frå Sykkylven skriv om dei synske og nære slektningane Karl og Olga Tandstad (far og dotter), som i meir enn hundre år hjelpte menneske over store delar av landet med dei synske evnene sine. Karl var bestefar til Kjetil, Olga var tanta hans.

Cecilie Dahle Torbjørnsson frå Volda tek utgangspunkt i at kvinnene fekk stemmerett i 1913 og er inne på ymse føregangskvinner i artikkelen “Frå Gina Krog til Bø-Marie, Krumsvik-Laura og bestemor”.

Sveinung Walseth skriv om “Anders Riste - den siste brochmannianar”. Ryste vart 100 år 1. september i år og voks opp i Hovdebygda. I 32 år var han redaktør for avisa Samfunnsliv, som var tufta på  Bertram Dybwad Brochmann sine idear om ei ny samfunnsorientering.

Enok Kippersund har skrive novella “Hugselappen”, medan Anne Kristin Moe skriv om “Hulda Garborg og sunnmørsbunaden”.

Så har Borgy Helland frå Haram skrive ein artikkel om “Skiftande omgangsformer”, medan Reidun Aambø skriv om ei nyttårsfeiring i Mongolia.

Svein Aam, kjend journalist i Sunnmørsposten, har skrive om “Motorpionerane i Volda” - om Bolder-Ola og dei andre fyndelane som starta motorfabrikk i Volda for 100 år sidan.

Valborg Hustadnes frå Austefjorden veit mykje om setrelivet i gamle dagar. I år har ho med ein artikkel om Norddalsetra. Den Norddalen det her er snakk om ligg i Austefjorden, 580 meter over havet.

Neste forfattar er Liv-Ida Bjørnstad, som skreiv om “Førjulstidi i Kyrkjebakken, Geiranger” i “Jul på Sunnmøre” 2012. I år kjem ho med framhaldet; “Jula i Kyrkjebakken, Geiranger”.

Etter ein reportasje frå barnestemnet i Sunnmøre frilynde ungdomslag på Fiskå kjem ein svært spesiell artikkel om “Bygdegeniet Gjerde-Per” frå Ulvestadbygda i Dalsfjorden. Odd Karstein Fløtre er skribent. Artikkelen har mykje pussig småstoff - og som det hør og bør seg for ein mann frå dette området blir slaget i Hjørungavåg lagt til området ved utløpet av Ørstafjorden - der Raudøya er “den Øe Primsignd”. Argumentasjon følgjer med.

Bladet har også ein artikkel av   Sigrun Rogne om “teaterarbeidet i ungdomslaget Fram”.

“Jul på Sunmøre” er rikt illustrert med foto og teikningar. Møre-Nytt er ansvarleg for oppsetet, medan trykkinga er utført av Printing As. Fint arbeid. Bladet har Roar Rønning som ansvarleg redaktør. Med seg i redaksjonen har han hatt Cecilie Dahle Torbjørnsson, Kjetil Tandstad og Cecilie Rørstad. Utgjevar er Sunnmøre frilynde ungdomssamlag.

Bladet kostar 70,- kroner. Mange pakkar det inn og gir som ei tilleggsgåve til slike som likar å lese frå gamle dagar i ei tid då alt skal gå så rasande fort.