Under svært sterk tvil har Søre Sunnmøre tingrett kome til at det skal reagerast med samfunnsstraff for brotsverka som mannen var tiltalt for. Den mest tungtvegande årsaka til at det vart samfunnsstraff i staden for fengsel, er at brotsverket skjedde for over eit år sidan. Det har tatt si tid å få saka for retten, og den unge mannen har i ventetida hatt ei positiv utvikling.

Det var ei sommarnatt i fjor det kom melding om at ein person hadde knust ei rute i eit samlingshus på Ytre Søre Sunnmøre, og at gjerningsmannen nekta å forlate staden.

Politiet rykte ut, og fordi dei hadde vore i kontakt med han ein gong tidlegare, i ei noko nedstemt fase, ville politiet ta han med til lege for vurdering.

Sette fram drapstruslar

Men mannen motsette seg dette. Han vart raskt aggressiv og nærgåande, og han knytte neve mot dei to politibetjentane.

Politiet bestemte seg derfor for å pågripe han fysisk og ta han med til patruljebilen. Men mannen reiv seg laus frå grepet til ein av betjentane, og dytta henne også då ho skulle føre han inn i politibilen.

Då han prøvde å springe frå staden, ropa han at dersom politikvinna kom etter han, skulle han drepe ho.

Måtte bruke peparspray

Politiet fekk til slutt pågripe han ved bruk av peparspray, og mannen vart køyrd til lege som konkluderte med at det ikkje var behov for innlegging, og han overnatta i arresten i staden.

I samband med den siste pågripinga tok han med begge hender tak i jakka til ein av politibetjentane, og sa fleire gonger at ho skulle ha seg vekk.

Retten meiner at ein drapstrussel, sjølv om han vart slengt ut spontant, er alvorleg. Politiet skal sleppe å bli møtt med truslar av eit slikt innhald.

Men under sterk tvil vart altså straffa sett til 46 timar med samfunnsarbeid. Den subsidiære fengselsstraffa er sett til 34 dagar, med to dagars fråtrekk for varetekt.

Mannen skal også betale 3000 kroner i sakskostnader.