Vanlegvis er jordbærsesongen over i starten av august, men hos Harry Fjelle, som bur på ein av dei øvste gardane på Rise, 70 meter over havet, er jordbæra i ferd med å modnast for andre gong i år.

- Eg trudde ikkje mine eigne auge då eg kasta eit blikk på jordbæråkeren min torsdag ettermiddag. Der var forsyne meg fleire planter med bær, fortel han.

Plantene i åkeren hans er tre år gammal, men Fjelle har hatt jordbæråkrar før også, og har aldri opplevd liknande.

- Det er første gong eg kan hauste to gonger. Eg må understreke at dei fleste bæra er heller små, men på ei av plantene er dei på tilnærma normal storleik, fortel Fjelle.

Bæra er er typen Senga sengane.

Fjelle trur ikkje han kan hauste så mange korger med jordbær no når det nærmar seg november.