Poliiet melder måndag ettermiddag om ei trafikkulukke i Varleitekrysset i Ulsteinvik. Det skal vere snakk om ei påkøyrsle bakfrå.

Politiet i Møre og Romsdal melder via sin Twitter-konto at det er snakk om store materielle skader på dei to involverte bilane, og at dei involverte personane blir sjekka av helsepersonell. Det skal ikkje vere snakk om personskade. Naudetatane var raskt på staden.

Trafikken går fint forbi ulukkesstaden.

Vikebladet Vestposten kjem med meir.