Gro Lothe (biletet) er klar til å dele ut menneskerettslysa frå Amnestygruppa i Hareid. Torsdag kjem ho til skulane i Ulstein og Hareid med eitt lys til kvar klasse. Amnesty vonar at lærarane vil bruke desse lysa på menneskerettsdagen 10. desember, ved å ta med lys til klassen, tenne det og snakke litt om menneskerettane. Kanskje også synge Amnestysongen: Din tanke er fri.
10. desember 1948 vedtok FN Menneskerettserklæringa. Å godkjenne det naturlege menneskeverdet med like og umissande rettar for alle menneske på jorda, er grunnlaget for fridom, rettferd og fred i verda.
Amnesty vil gjerne engasjere flest mogleg i arbeid for menneskerettane. Det gjer vi ved å peike på viktige menneskerettsbrot som råkar grupper og menneske, og mobilisere flest mogleg over heile verda til å seie frå at dei mislikar menneskerettsbrota. Dermed blir overgriparar klar over at verda ser overgrepa deira. Nokre gongar fører det til at overgrepa stoppar. For eksempel blei miljøforkjemparen Vitishko i Russland, sleppt ut frå fengsel på prøve no i november. SMS-aksjonar er svært populære og effektive. Ved å gå inn på https://www.amnesty.no/st%C3%B8tt-oss/sms-aktivist kan du melde deg på med mobilnummeret ditt. Du kan også gå inn på www.amnesty.no for eksempel ein gong i veka, og underskrive på protestbrev du meiner er viktige.
Ved å markere menneskerettsdagen i skulane i Hareid og Ulstein, vonar vi at fleire vil bli medvitne om at menneskerettane er viktigt grunnlag for den fridomen vi her i Norge ser som sjølvsagt.