Drikkevassmagasina på Hareidlandet har i år halde fram med å minke i juli månad. Det er uvanleg. Ved inntakshuset til Hareid Vassverk i Hammarstøylsvatnet er det no ved utgangen av juli ca 20-30 cm lågare vasstand enn tilfellet var ved inngangen av månaden.Vatnet er no like nedtappa som 21. mars 2013 – då det hadde vore ein rekordtørr vinter.

Men det er ingen fare for restriksjonar - verken her eller i Mosvatnet. Det er framleis fleire metrar å ta av. Hammarstøylsvatnet er no 2 meter nedtappa, men inntaket ligg på 7 meter, så det er ytterlegare fem meter å gå på. Og vatnet er stort.

Meteorologisk Institutt varslar sporadisk regn denne veka, men frå helga av blir det varmare og lettare – med daglege maksimumstemperaturar over tjue grader og lite eller ingen nedbør ei heil veke framover.

Tørken viser seg endå tydelegare i vassdraga. Fleire småelvar har turka heilt inn – og dei større elvane har uvanleg lita vassføring.