- Det er trist at han er død, men han var ein 77 år gamal mann som har levd eit hardt liv. Eg hugsar han sa til meg då han var her i 2015, at han tok kvar dag og kvart år som ei gåve, seier Opdal.

Terje Brofos, med kunstnarnamnet Pushwagner, døydde natt til tysdag. Han hadde salsutstilling i galleriet på Flø to gongar; i 2011 og 2015.

Vassa i sjøen på Flø

Første gong han kom til Flø, var tidleg i desember 2011.

- Eg hugsar det veldig godt. Han hadde ikkje rukke å sjå utstillinga kvelden før, så eg var litt spent på om han ville like det vi hadde ordna til. Han var heldigvis veldig fornøgd, og vart så glad at han sprang ut i sjøen nedom galleriet. Der vassa han med kleda på, det var kaldt og skikkeleg ruskevêr. Der stod han og ropte med vatn oppå leggen. Han var gjennomvåt og eg tilbaud han tørre klede. Det ville han ikkje ha, men sa i staden: "Kjenn på meg, jeg lever!". Så sat han i tre timar og signerte kunst, fortel Hugo Opdal.

Historia slutta ikkje der, for då kunstnaren var komen heim til Oslo, vart han lagt inn på sjukehus.

- Han fekk dobbelsidig lungebetennelse etter vassinga på Flø og var døden nær, seier Opdal.

Galleristen på Flø hugsar også det som skjedde då han skulle køyre Puswagner tilbake til hotellet i Ulsteinvik.

- Det var eit lukka lag der, eit julebord. Pushwagner lurte på om vi fekk lov til å gå inn, og det sa dørvakta ja til. Der inne tok han av seg på overkroppen og gjekk rundt og baud opp damene til dans. Det enda med at han måtte danse åleine. Slik var han, litt bajas utad, men fullstendig harmlaus, fortel Opdal.

- Folk vil ha kunsten hans

Sist gong kunstnaren stilte ut på Flø, var i høve 75årsdagen sin i 2015.

Også den gongen kom det masse folk og det vart selt mykje.

- Folk vil ha kunsten hans, så enkelt er det. Det finst ingen aldersgrense på kunsten hans, den treff både konfirmanten og besteforeldra, seier Opdal.

Han vil hugse Pushwagner som ein snill og audmjuk mann, og fortel at han også var audmjuk og raus når det gjaldt andre kunstnarar.

- Han heia på andre kunstnarar. Og sjølv om han levde eit hardt liv, synest eg det er kjekt å tenkje på at han fekk avslutta med stil, seier Opdal.

Har fleire Pushwagner-bilde

Hugo Opdal er no i gang med å førebu ei sommarutstilling.

- Eg har i dag faktisk hengt opp nokre Pushwagnerbilde her i galleriet, før eg visste at han var død. Eg har ein del bilde ståande av han, fortel Opdal.

Trur du kunsten hans vert endå meir etterspurd no når han er død?

- Ja, det skal ein ikkje sjå vekk frå. Kunsten hans er kjempepopulær og no vert det ikkje laga meir. Kan hende eg må endre planen for denne utstillinga, laga ei lita Pushwagner-markering, seier Opdal.