Fleire i ein smekk: Bernhard Harkjerr er leiar i Trimgruppa til Hareid IL og gler seg over at folk no kan vere med på både Hareid IL si Fjellorientering, Hødd sin Fjelltrim og Stikk-Ut. Her er han på Håbakknotten, Hareid, ved sida av ein Stikk-Ut-post og med ein fjellorienteringspost i eine armen. Foto: Anne Gry Eilertsen

Vinn-vinn-turar i fjellheimen

Fleire stader i fjellheimen vår står no merka til Hareid IL si Fjellorientering og Stikk-Ut på dei same stadene. Det meiner Bernhard Harkjerr er ein vinn-vinn-situasjon for folk som likar å gå fjellturar.