Korleis har dei unge i Hareid og Ulstein det? Gjennom spørjeundersøkinga Ungdata håper ein å finne ut av nettopp det.

– I Hareid skal undersøkinga gjennomførast ved Hareid ungdomsskule i veke 5-7, opplyser folkehelsekoordinator i Hareid, Monica Torvik Stokset som samordnar undersøkinga i Hareid.

Ho fortel at i Hareid og Ulstein vart undersøkinga sist gjennomført i 2019.

Tidlegare har det vore gjennomført Ungdata-undersøkingar i 2013, i 2015/16 og i 2019. Det er Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved OsloMet – storbyuniversitetet som i samarbeid med Kompetansesenter rus, (KoRus), gjennomfører undersøkinga. Her i fylket er det Kompetansesenter rus – Midt-Norge, seksjon Møre og Romsdal som inviterer kommunane til å gjennomføre undersøkinga. Ungdata-undersøkinga vert finansiert av Helsedirektoratet.

– Dei fleste kommunar gjennomfører undersøkinga kvart tredje år. Undersøkinga er planlagt på nytt i 2024, dette fordi KoRus ynskjer å samkøyre undersøkinga i heile Møre og Romsdal, slik at resultata vil gi oversikt på fylkesnivå, forklarer Stokset.

Omfattande

I Ulstein er dei no klare til å setje i gong den mest omfattande Ungdata-undersøkinga som har vore gjennomført i kommunen hittil.

– Denne gongen får alle frå 5. til 7. klasse ved dei fire barneskulane i kommunen vere med, det er nytt. Elles omfattar undersøkinga alle trinna på ungdomsskulen og 1.–3. klasse ved Ulstein vidaregåande skule, opplyser Ungdata-koordinator i Ulstein, Marie Flatin.

– Det er sendt ut informasjon til alle føresette, og undersøkinga blir gjennomført i løpet av veke 5-7, seier Marie Flatin, som har i oppgåve å sjå til at undersøkinga vert gjennomført på dei ulike skulane.

Undersøkinga er anonym. Med bakgrunn i elevtal vert til dømes resultata frå krinsskulane Ulstein, Haddal og Hasund presentert samla for å sikre at ingen av dei som deltek kan koplast opp i mot svara dei har gitt.

Det er frivillig å delta: – Vi håper at flest mogleg deltek, og svarar ærleg, slik at informasjonen vi får frå denne viktige undersøkinga gir oss eit mest mogleg korrekt bilete av korleis borna og ungdommen har det, seier Flatin.

Ungdomane svarer på spørsmåla elektronisk og undersøkinga vert gjennomført i løpet av ein skuletime.

Eit bilde av kvardagen

Ved å få svar på ei rekkje spørsmål som omhandlar store delar av kvardagen til ungdom, håper ein å danne seg eit bilde av korleis kvardagen artar seg. Spørsmåla handlar til dømes om korleis dei trivst heime, om dei har vener og spørsmål som omhandlast til dømes kosthald, fritidstilbod og bruk av rusmiddel.

Spørsmåla er tilpassa dei ulike aldersgruppene.

Skulesjef Vegard Sæter Gurskevik fortel at resultatet av den førre Ungdata-undersøkinga, fortel at den lokale ungdommen i stor grad har det bra.

– Men vi greier ikkje å fange opp alle, trass i at tilbodet av fritidstilbod er veldig stort, seier han.

– Vi ligg stort sett betre an enn snittet elles i landet. Dei aller fleste fortel om ein god oppvekst, om trivsel i nærmiljøet og veldig mange er med på fritidsaktivitetar, også etter at dei har tatt til på vidaregåande skule. Men ein av dei tinga som uroar oss litt er bruken av skjermtid. Her ligg unge i Ulstein veldig høgt, enkelte fortel at dei brukar fire timar framfor skjermen kvar dag–utanom skuletida. Tilfella av digital mobbing ligg også høgare enn landssnittet, det same gjeld muskel og skjelettplager. Dette kan kanskje setjast i samband med skjermbruken, seier folkehelsekoordinator i Ulstein, Kristine Dale.

– Verdifullt

Informasjonen som kjem fram i undersøkinga vert nytta som grunnlag i arbeidet på mange felt, både innan helse- og utdanningssektoren, men også på andre område. Resultata kan også vere nyttige for alle som har med barn og ungdom å gjere.

– I folkehelsearbeidet skal vi til ei kvar tid ha oversikt over kva som er utfordringane, slik at vi kan jobbe for å legge betre til rette for at alle skal ha det bra. Ungdata-undersøkinga gir oss veldig mykje verdifull informasjon om kvardagen til dei unge og gjer oss i stand til å trekke dei store linjene. Det er i oppveksten vi legg grunnlaget for korleis vi blir som vaksne, avsluttar folkehelsekoordinatoren.