Midlane gjekk til 90 ulike tiltak og prosjekt rundt om i Møre og Romsdal, ifølgje Møre bispedøme.

Lista over tildelingar har stor breidde og har gitt både store og mindre kyrkjelydar høve til å utvikle nye aktivitetar og samlingsformer. Nokre er heilt nyskapande, andre har gitt økonomisk tryggleik til arrangement i ei tid smittevernreglane har bestemt kor mange som kan samlast.

Ulstein sokn fekk 70.000 kroner til kyrkjebakkespelet "Eg spelte på fløyte", medan dei fekk 9.000 kroner til familiefredagar og 4.000 kroner til stabsutvikling. Soknet fekk også 30.000 kroner til medarbeidarfest og 15.000 til "Gospelnight for Søre Sunnmøre".

Ulstein sokn fekk også såkalla OVF-tilskot (Tilskot fra Opplysningsvesenets fond) - 10.000 kroner til kveldsmesser, "Spor av Gud".

Hareid kyrkjelege fellesråd fekk 50.000 kroner til innkjøp til tilrettelegging i høve trusopplæring i Hareid sokn - medan dei fekk 15.000 kroner til frivilligfest.

Vekstmiddel-ordninga blir vidareført i 2022. Det er enno usikkert kor stort tilskotet kan bli, og tildelingskriteria vil bli justert. Prioriteringar i planverk og satsings- og fokusområda til bispedømmerådet gir retning til kva tiltak /prosjekt som får støtte. Når justering av tildelingskriteria er klar, vil ordninga bli presentert, opplyser bispedømet.