HAREID PÅ FEMTITALET - SETT NEDANFRÅ

Dagrun Kvammen (f. 1948) fortel om oppvekst i Hareid på 50-talet. Del 1 av 5

Det er lenge sidan. Det var før eg hadde tatt ferga til Ålesund til tyske verb og moderne poesi. Det var lenge før eg begynte å tvile på det meste. Det var i den tida då vi korkje tenkte framover eller bakover. Vi berre var her og no, eller rettare sagt der og då. Tida låg som ei uendeleg evl framom oss, vi tenkte sjeldan langt fram. Vi hadde nettopp begynt å sette årstalet på papiret, det var i 1955 og vi hadde såvidt begynt på skule. Hareid var sentrum i verda. Bygda hadde eit mangfaldig næringsliv som vi automatisk lærde å kjenne etter kvart som vi vaks til og rak rundt i bygda i ein stadig aukande radius. På Lallfabrikken (kjøkeninnreeing m.m.), rett over vegen for fotograf Jønsson, fekk vi avkappa treklossar til leikehusa våre. På Hadar tigga vi stoffbitar til dokkeklede, tynne tekstilar av finaste slag til nattkjolar og underty. På Hareid Bruk kunne det vanke møbelstoff som blei til tepper av ymse slag som pynta opp i leikestovene våre.

Eg og Solfrid, venninna mi, hadde dei finaste og største leikestovene på Hareid. Det hadde seg slik at ein gong ut på femtitalet flytta fotograf Jønsson huset sitt, eit lite, men svært så koseleg hus, over på ein ny grunnmur. Heile huset vart lyfta opp av ei diger kran og sett ned igjen på ein ny grunnmur på nabotomta. Den nye grunnmuren var større enn det gamle huset, og det blei tilbygg i to fulle etasjer med loft. Fotoatlieet med butikk fekk heile første etasje, familien Jønsson breidde seg ut i andre og den fantastiske romkjensla resulterte raskt i familieauke. Bestemor Jønsson som hadde budd på loftet i gamlehuset heldt fram på sitt gamle loft. På det store nye loftet mot vest rykka eg og Solfrid inn og delte det i to praktfulle «penthouse»-leikarstove. Vi gjekk rett frå fattigslige og trange kår i krikar og krokar og under kjøkenbord med leikesakene våre, inn på eit lyst stort loft der sola fløymde inn gjennom panoramavindauge. Ein eller annan gong skulle det vel bli sårt tiltrengte soverom, men det låg for oss langt fram i tid. Loftet var vårt så lenge vi leika med dokker. Og det varde heilt til varslane om puberteten trengde seg på og tvinga oss ut på lange vandringar langs vegane der vi møtte andre ungdommar slik skikken var på den tida.

Loftet på Jønssonhuset var eit heilt univers der vi levde livet vårt som mødre med klesvask, matlaging, barnestell og mange og lange kaffibesøk hos kvarandre. Det var ei verd utan konfliktar eller bekymringar av noko slag. Ektemenn, familie, arbeidsliv fanst kanskje i ytterkanten av universet, men var aldri framme i vår forteljing. Vi hadde meir enn nok med dei nære ting. Vi pynta og stelte og prata med oss sjølve og kvarandre, og timane berre flaug, og brått var det skymt og eg måtte skunde meg heim til Drammensvegen før det blei mørkt.