Barnetoget i Ulsteinvik gjekk frå Fredheim klokka 10. Etter ei runde møtte dei toget frå Ulstein skule og Musikklaget Ulf ved Reiten. Deretter gjekk det utvida toget rundt i Ulsteinvik og enda opp ved Ulstein kyrkje, der det var tid for kransenedlegging.

Minnetale og kransing vart gjennomført av Agnar Dag Ulstein. Ulstein Mannskor sto for song.