– I dag er eg sjeleglad for at ho som no er sambuaren min pusha meg til å ta den telefonen til legen. Sjølv såg eg ikkje kor gale det stod til med meg. Men verda mi hadde over tid vorte mindre og mindre, eg hadde isolert meg frå alt sosialt. Og eg hadde bestemt meg for å ta mitt eige liv. Eg hadde ikkje fastsett datoen og korleis eg skulle gjere det, men sjølvmord stod igjen som den einaste utvegen. Det verste er at eg kjende ei enorm lette då eg hadde bestemt meg, fortel Ole Martinus Breivik.

36-åringen tek imot lokalavisa heime i leilegheita i Vågen på Dimnøya. I løpet av intervjuet kjem også sambuaren Tonje heim. Dei to er tilknytt Dyrebeskyttelsen, og er no fosterheim for tre kattungar. Deira eigen katt, tolv år gamle Milli, er nettopp heimkomen etter å ha vore vekk i ein månad.

Ole Martinus og sambuar Tonje heime i leilegheita. Foto: Linda Eikrem

Det har gått to år sidan Ole Martinus torde å be om hjelp. Han kom raskt til legen.

– Legen sa at eg ikkje fekk gå derifrå før han hadde skaffa hjelp. Eg var letta for at eg endeleg skulle få hjelp, og så tenkte eg «Oj, er det verkeleg så gale fatt med meg?».

Eit par timar etter legebesøket stod ein psykolog og to sjukepleiarar frå akutt ambulant seksjon i Myrvåg på døra hans. I lang tid kom dei fast på besøk morgon og kveld, nokre gongar utanom når Ole Martinus bad om det. Han er framleis under behandling.

– Eg har fått ekstremt god oppfølging, og det har redda livet mitt. Ein mistar fort perspektivet både på livet og seg sjølv når ein er psykisk sjuk. Eg kjende at eg hamna lengre og lengre ned i ei mørk hole, og eg såg ingen annan veg ut enn å gjere ende på det.

36-åringen vaks opp i Gjerdsbakkane på Dimnøya i Ulstein kommune. Han er yngst av fire søsken i korpsfamilien Breivik, og har spelt trombone «heile livet». Mange har nok oppfatta han som ressurssterk, sosial og oppegåande.

– Eg har vore ein meister til å skjule problema mine. Eg har hatt på ei maske, eg har halde tankane mine for meg sjølv, fortel Ole Martinus.

Ingen, verken familie og venar, visste kor dårleg det stod til med han.

– Eg har nok slite psykisk heile livet, men då eg var liten, visste eg ikkje kva det var. På barne- og ungdomsskulen fann eg aldri heilt min plass, og eg vart mobba både verbalt og fysisk. Du kan seie at eg var ein kollektiv punchingball i mitt miljø. Heldigvis vart dei tre åra på vidaregåande ei betring oppleving.

Etter vidaregåande gjekk Ole Martinus eit på Tonheim folkehøgskole på Hamar.

– Det var ein draum som vart oppfylt, sidan eg er veldig musikkinteressert. Det vart eit supert år i eit veldig bra og godt miljø, det året ser eg tilbake på med stor glede.

Etter året på folkehøgskule flytta han til Volda, så til Ålesund og vidare til Trondheim. 36-åringen har lang erfaring som hovmeister, restaurantsjef, bartender og servitør. I 2019 flytta han heim til Dimnøya og fekk seg jobb på hotellet i Ulsteinvik.

– Eg meiner eg har gjort ein god jobb alle plassane eg har arbeidd. Eg hadde det i fingrane, det var noko eg meistra. Men eg sleit på fritida. Eg isolerte meg meir og meir, hadde alkoholproblem og problem med å knyte med til andre menneske. Eg sleit med å hugse og med å kople av. Nettene var verst, og det vart ein veldig mørk spiral til slutt. Og det er skummelt at det ofte er dei som slit mest som er flinkast til å skjule det. Eg hadde null energi når eg kom heim frå jobb. Eg såg på seriar eg hadde 100 gongar før, eg hadde ikkje energi eller konsentrasjon til å sjå noko nytt. Det handla om å ha kontroll, fortel Ole Martinus.

Han fortel at alkohol gjorde det enklare å kople av, at alkoholen distraherte og bedøvde tankespinnet.

– Psykiske problem kjem oftast snikande, det kjem sjeldan brått på. For meg bygde det seg opp år etter år, og til slutt såg eg ingen annan utveg enn å avslutte livet.

Foto: Linda Eikrem

Han hadde tenkt på sjølvmord fleire gongar tidlegare. Men sommaren 2020 tok han den endelege avgjerda: han skulle gjere ende på livet.

– Då eg bestemte meg, vart eg veldig letta. Alt vart faktisk litt lettare, fordi eg tenkte at uansett kor fælt eg får det no, så går det bra, for dette skulle uansett avsluttast. Det var noko å sjå fram til. Eg googla metodar for sjølvmord, og eg hadde tenkt på kva eg ville ha med meg av opplevingar før eg tok mitt eige liv. Eg ville berre forsvinne.

Enno var det ingen som visste kor gale det stod til med Ole Martinus. Men kjærasten Tonje, som han hadde vorte saman med nokre månader tidlegare, fekk etter kvart innblikk i kor mørke tankane hans var. Ho studerte då i Volda.

– Ja, det var mange netter eg låg vaken og snakka med han, eg måtte halde samtalen i gang for at han ikkje skulle gjere noko dumt. Nokre gongar heiv eg meg i bilen og køyrde heim til han, fortel Tonje Strand Ulvestad.

28-åringen frå Vatne i Haram er musikkutdanna frå Høgskulen i Volda, og underviser no på kulturskulane i Hareid og Ulstein. I vår vart dei sambuarar på Dimnøya.

– Ole Martinus gjentok ofte det same, at han hadde lyst til å avslutte livet, at han berre ville forsvinne, at livet ikkje var verd å leve. Så eg var uroa mange gongar, og i ettertid ser eg at eg burde ha masa endå meir for å få han til å søkje hjelp. Det er viktig å understreke at sjølvmordstankar handlar om å ville avslutte det som er vondt.

Tonje sat ved sida av Ole Martinus då han endeleg ringde legen. Paret hadde då vore på køyretur og enda opp ytst på Flø. Ole Martinus var skikkeleg nervøs då han slo nummeret til Ulstein legesenter. Tonje sa at han måtte vere heilt ærleg.

– Eg sa at eg sov dårleg, hadde det for jævlig, at eg ikkje klarte meir og at eg måtte ha hjelp.

Den samtalen vart starten på ein lang prosess han framleis er i.

– I dag, to år etter, er det ekstremt skremmande å sjå tilbake på kor gale det stod til med meg. Den dag i dag er eg redd meg sjølv for to år sidan, redd for at han skal kome tilbake, det tenkjer eg på kvar dag. Eg trur ikkje eg kjem til å hamne der igjen, men eg er veldig klar over kvar eg var. Mine utfordringar må eg nok leve med resten av livet, men eg må lære meg å takle dei.

Kva hadde skjedd viss du ikkje hadde ringt legen?

– Då hadde eg ikkje sete her i dag. Hadde det ikkje vore for den legetimen og at eg vart teken på alvor, veit eg at hadde vore død no.

Korleis er det å tenkje på no?

– Eg kjem nok aldri til å tilgje meg sjølv for at eg hadde tenkt å ta livet mitt. Eg er så heldig at eg er onkel til veldig mange, og det er mykje på grunn av dei det gjekk så lang tid før eg fekk dei aller tyngste tankane. Onkelungane mine er dei viktigaste for meg, tenk kor mykje vondt dei måtte ha gått gjennom viss eg blei borte …

For første gong i intervjuet må ta Ole Martinus ta ei lita pause.

Han takkar Tonje og helsevesenet for å ha redda livet hans. Han skryt av NAV, som gir fantastisk hjelp. Målet er at han ein gong skal kunne starte på jobb igjen. Inntil vidare går han på arbeidsavklaringspengar.

– Å vere psykisk sjuk er veldig einsamt, vondt og skummelt. Difor var det så godt å få aksept for at eg har problem, at eg er sjuk, at eg har depresjon.

Ole Martinus har den siste tida vald å vere open om si eiga helse. Gjennom ulike innlegg på si eiga Facebookside har han fortalt både om mobbing og om dei psykiske problema.

– Eg er ikkje ute etter sympati, hemn eller orsakingar- for meg var det viktig å få det ut. Eg håper nokon kan finne hjelp i at eg er open. Kanskje nokon rundt dei kan kjenne ikkje symptom og tek seg ein prat. Eg trur mange i min generasjon kavar psykisk, og ikkje torer å snakke høgt om det. På 90- og tidleg 2000-talet var det veldig mykje mobbing då vi vaks opp i Ulstein, mellom anna på grunn av klasseskilje. Og viss mi historie kan hjelpe minst eitt anna menneske, er det verd det. Viss du lurer på om du bør be om hjelp, ja, då burde nok ha gjort det for lenge sidan. Det som skremmer meg mest, er at det ikkje var eg som innsåg at eg trong hjelp. Eg tenkte at eg ikkje var verd å hjelpe, for kvifor skulle samfunnet bruke krefter på å hjelpe meg? Eg hadde forresten allereie funne ut at sjølvmord var løysinga.

Foto: Linda Eikrem

Måndag 10. oktober var det Verdsdagens for psykisk helse, der tema er «Vi treng kvarandre. Løft blikket».

– Å bry seg om andre er kanskje viktigare no enn nokon gong før. Det blir ofte sagt at vi no har eit veldig ope samfunn, der det går an å snakke om det meste, også om at ein slit psykisk, at ein ikkje har det bra. Men det er framleis tabu i mange familiar og venekrinsar. Eg trur det er ekstremt skummelt å spørje nokon du er nær om dei slit psykisk. Kanskje handlar det om at ein er redd for svaret, kanskje handlar det om at ein er redd ein sjølve er skuld i at nokon slit, seier Ole Martinus Breivik.

Han etterlyser endå meir openheit om det å vere pårørande til nokon som slit psykisk.

– Det er viktig å bry seg, tore å stille spørsmål. For kva er verst: å stille spørsmål eller i verste fall å miste den personen? Då får du i alle fall aldri svar på det du lurte på. Treng du nokon å rådføre deg med, vil eg anbefale pårørandetelefonen til Mental Helse.

Kva andre råd vil du gje dei som lurer på om ein ven eller familiemedlem har psykiske vanskar?

– Det treng ikkje vere så veldig avansert. Ring, send ei melding, ta ein kaffi og ein prat. Men for all del: ikkje be dei ta seg ein joggetur, det hjelper ikkje. Det rådet fekk eg då eg vart sjukmeld, ler han.

– Å spørje om hjelp kan gjerne vere ein høg dørstokk. I ettertid ser eg at eg sjølv burde ha ringt legen med ei uromelding om Ole Martinus, slik at han hadde fått hjelp tidlegare. Eg såg heldigvis ikkje berre dei mørke sidene ved han, og eg tenkte at det ville vere synd å kaste vekk ein slik kar. Så eg tenkte at han måtte få hjelp, uansett om vi kom til å bli verande saman eller ikkje. Eg hadde ikkje klart å gjere det slutt og vite at han sleit veldig, seier sambuar Tonje.

Ho og Ole Martinus planlegg no ei framtid saman, og etter planen flyttar dei til Trondheim etter nyttår. Begge er opptekne av at det er hjelp å få for dei som treng det.

– Folk må ikkje vere redde for å bry seg, spørje andre om korleis dei har det. I mitt tilfelle var «maset» frå Tonje årsaka til at eg ringde legen. Det er eg evig takksam for, seier Ole Martinus Breivik.