Koronapandemien har gjort at NM for elektrikarfaget har blitt utsett i nesten to år – men i februar blir det endeleg gjennomført. I NM skal blant andre Tor-Inge Ulstein, som jobbar for Tussa Installasjon AS i Ulsteinvik, delta. Han er ein av i alt to deltakarar frå Møre og Romsdal, som skal delta i NM. Den andre elektrikaren er Anette D. Waagsbø Skram frå EL24 Ensiko AS i Ålesund.

– Det er både stressande, spennande og veldig kjekt på ei og same tid – å endeleg få delta. Det er mykje å gjere på jobb og på heimefronten for tida – og i tillegg skal eg altså førebu meg til NM. Men det er gøy at mykje går føre seg på same tid, seier Tor-Inge Ulstein til Vikebladet Vestposten.

Konkurrerer om VM-deltaking i Shanghai

For å finne ut kva for elektrikar som skal representere Norge under Yrkes-VM i den kinesiske storbyen Shanghai, skal det haldast eit eige elektrikar-NM i Oslo første veka i februar. Dette for å få i gang treninga av VM-utsendinga i forkant av meisterskapet.

Vanlegvis inngår NM i elektrikar- og telekommunikasjonsfaget i Yrkes-NM og er uttak til Yrkes-VM. For 2022 blir det derimot naudsynt å gjere eit unntak grunna pandemien. Yrkes-NM i Kristiansand arrangerast berre to veker før VM i Shanghai, og det er difor ein eigen uttakskonkurranse for elektrikarane blir arrangert av Nelfo no i vinter. Nelfo er ei landsforeining under NHO-paraplyen som organiserer elektro-, ekom- og heisbedriftene i tillegg til systemintegratorane.

Må vere hurtig og nøyaktig

Noko av det viktigaste Tor-Inge må kunne vise til er hurtigheit, kunnskap, nøyaktigheit og fagmessig utføring.

Denne veka fekk kandidatane vite mykje om kva slags oppgåver og gjeremål som dei skal prøvast i – og førebuingane er no i gang til finalen.

Rekordinntak

Samstundes med at Møre og Romsdal har to av seks kandidatar i NM er at verksemdene i elektrobransjen i fylket har tatt eit stort samfunnsansvar med rekordinntak av lærlingar i 2021.

I Møre og Romsdal blei det signert over 150 nye lærekontraktar innan elektrofaget.

– Vi har eit veldig stort behov for fagarbeidarar i dagens marknad. Med den vidare elektrifiseringa av samfunnet vårt framover vil etterspurnaden etter fagarbeidarar innan elektro framleis vere svært høg. Vi treng difor fleire slike som Anette og Tor-Inge – og oppfordringa er å vurdere elektrofag for ungdom som står framfor sine karriereval. Ein karriere innan elektro byr på spennande utfordringar med mange moglegheiter og er så framtidsretta som det kan bli, uttaler Øyvind Myhra, regionsjef i Nelfo og dagleg leiar for Opplæringskontoret for elektrofag.