Det sa han i Møre og Romsdal tingrett torsdag, der søksmålet frå Sameiget Polarstar mot Arctic Picture blir behandla.

Etter at Polarstar kom heim til Brandal i august 2017, etter fleire år med restaurering i Polen, var det mange som melde si interesse for å leige båten. Forsberg kom tidleg inn i bildet, som dagleg leiar i selskapet Arctic Voyager AS. Då selskapet gjekk konkurs, starta han enkeltmannsføretaket Arctic Picture.

- Eg fekk vite at mange var interesserte i å leige skipet, så eg var sikker på at dette ville vere ei trygg investering. Men i dag angrar eg på at eg gjekk inn i dette personleg. Eg er økonomisk ruinert, og årsaka er ein kombinasjon av Polarstar-avtalen og koronapandemien, sa Forsberg.

foto
Mats Forsberg (til venstre) var gjest då Polarstar feira sytti år i september 2018. Her saman med Polarstareigar Willy Nesset. Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll

I februar 2019 inngjekk Arctic Picture og Sameiget Polarstar ein utleigeavtale, og planen var at ishavsskuta frå Brandal skulle gå i turisttrafikk langs norskekysten. Avtalen skulle vare til våren 2022. Men i september 2020 heva sameiget Polarstar avtalen, og litt seinare i 2020 valde Willy Nesset å hente båten heim til Hareid.

Nesset er leiar i sameiget og eigar av Polarstar, og krev rundt 2,5 millionar kroner i erstatning for manglande betaling av leige og forsikring.

Willy Nesset forklarte seg for retten onsdag. "Det var fleire aktørar som melde si interesse for å leige båten. Vi valde Forsberg, for han kjende båten og hadde vore om bord fleire gongar. Han gav eit godt inntrykk, han hadde planane klare og hadde også gode samarbeidspartnerar", sa Nesset.

Kva løyve og sertifikat Polarstar hadde og korleis den tekniske tilstanden var då båten vart overlevert frå sameiget til Arctic Picture, er sentrale spørsmål i rettssaka. Forsberg baserte seg på at det skulle vere heilårsdrift på turane med Polarstar, og hadde mellom anna planlagt kvalsafari i vinterhalvåret og også turar til Svalbard.

- Eg fekk ikkje vite at fartsløyvet berre gjaldt drift i sommarhalvåret, frå 1. mai til 31. oktober. Då eg oppdaga det, søkte eg Sjøfartsdirektoratet om heilårsdrift. Dei gav avslag, og det vart stadfesta av Nærings- og fiskeridepartementet, forklarte Mats Forsberg.

Konfronterte du Nesset med at fartsløyvet berre gjaldt halve året?, spurde advokat hans, Kenneth Mikkelsen.

- Ja, men eg burde nok ha slått hardare i bordet. Han sa at dette måtte eg sjølv ordne opp i med Sjøfartsdirektoratet. Eg vart veldig fortvila, for eg såg at det økonomiske grunnlaget for drifta vart rive vekk.

Forsberg vedgjekk også at han sjølv ikkje inspiserte den tekniske tilstanden til båten eller sjekka papira då han var i Brandal for å hente Polarstar til Tromsø.

- Willy sa at det ikkje fanst tekniske problem. Eg var i god tru og trudde alt var på plass. Men allereie på turen nordover oppdaga vi mellom anna at autopiloten ikkje fungerte. Seinare oppdaga vi også lekkasje i ein sylinder, sa Forsberg.

Då Sjøfartsdirektoratet hadde inspeksjon på Polarstar våren 2020, vart det påpeikt ein del manglar og gitt nitten pålegg.

foto
Dag to i Møre og Romsdal tingrett: Frå høgre: tingrettsdommar Cathrin Lid Heilund, Polarstareigar Willy Nesset og advokat Ane Dahlen. Med på videolink: senioringeniør i Sjøfartsdirektoratet, Per Jostein Breivik, og saksøkte Mats Forsberg og advokat Kenneth Mikkelsen. Foto: Linda Eikrem

Torsdag forklarte også senioringeniør i Sjøfartsdirektoratet, Per Jostein Breivik, seg i retten. Han skreiv ut passasjersertifikatet til Polarstar i januar 2019, femten månader før inspeksjonen i Tromsø.

- Det er ikkje uvanleg å skrive ut pålegg etter ein inspeksjon, sa Breivik.

Men du står inne for at alt var på plass og i orden då skuta fekk sertifikatet?, spurde tingrettsdommar Cathrin Lid Heilund.

- Ja, det gjer eg. Det var ein lang prosess, med mange kontrollar, sa han.

Mats Forsberg fortalde retten også at koronapandemien vart ein katastrofe for han og føretaket.

- Det vart umogleg å drive reiseverksemd, samarbeidspartnerane takka for seg og det utvikla seg til ein negativ spiral. Slik det er no, er eg ikkje i stand til å betale det Sameiget Polarstar krev i erstatning. Vinn saksøkjar fram, vil det slå meg personleg konkurs, sa Forsberg.

Det har tidlegare vore prøvd å få til eit forlik mellom partane, men det har ikkje lukkast. Ifølgje Forsberg tilbaud han Sameiget Polarstar 400.000 kroner for å løyse saka. Det tilbodet vart avslått, og saka hamna såleis i retten.

I sitt sluttinnlegg heldt advokat Ane Dahlen fast på erstatningskravet på rundt 2,5 millionar kroner, medan advokat Kenneth Mikkelsen bad retten frikjenne Mats Forsberg/Arctic Picture.