Vigdis Riise er ein av mange kundar som er innom Apotek1 på Hareid. Ho uttrykkjer glede over at apoteket har opna opp att. Den nye apotekaren, Muhammad Mumtaz, takkar - og er samd i at det er viktig for mindre kommunar å ha eit apotek. Foto: Anne Gry Eilertsen

Til fortviling for mange innbyggjarar måtte Apotek1 på Hareid 25. september i fjor stenge dørene på grunn av mangel på apotekar. I fleire månader har apotek-kjeda søkt etter ny apotekar – og til slutt fekk dei napp. Muhammad Mumtaz (snart 40) frå Noreg/Pakistan har byrja å bli kjend både med hyllesystemet, dei tilsette og folk i Hareid.

- Eg har fått ei veldig fin mottaking her på Hareid. Folk har kome med blomster, mange har ringt og takka, og nesten alle som kjem inn ytrar seg om at dei er så glade for at apoteket har opna igjen, seier Muhammad på Stavanger-dialekt med litt skarre-r.

Elskar å drive apotek på små stader

På spørsmål om kvifor han i all verda fann på å takke ja til apotekarjobben på Hareid, svarar han kontant:

- Eg elskar å drive apotek på små stader. Små kommunar må ha eit apotek - og når du jobbar på eit lite apotek, blir du godt kjend med folk.

Det er ikkje få personar rundt om i verda som heiter Muhammad, og «vår» Muhammad fortel at han for det meste blir kalla Mumtaz, ikkje fordi det skal vere høgtideleg titulering med etternamnet, men fordi det då er lettare å skilje han ut. Vi kallar han derfor Mumtaz i resten av intervjuet.

Mumtaz har drive apotek for Apotek1-kjeda i Noreg i tilsaman 13 år. Først 10 år i Stavanger og deretter tre år i den vesle rogalandskommunen Sokndal.

Han har utdanning både frå Pakistan og Noreg og fortel at krava til utdanning er minst like strenge i Pakistan. Mange som tek farmasøytutdanning i Pakistan endar opp i land som Dubai og England. Sjølv enda han altså opp i Noreg, trass i at han alt hadde ein god jobb i Pakistan.

- Eg har norsk kone, ho er fødd og oppvaksen i Noreg, men har pakistanske foreldre. Det var derfor vi enda her, forklarer han. Saman har dei to born, guten Luqman på 12 og jenta Inayah på 10 år. Kona og borna bur framleis i Stavanger, og Mumtaz skal pendle mellom Hareid og oljebyen.

Akkurat no deler han ei leilegheit i Ørsta med ein kamerat som er apotekar der, men han håper på å få seg ei leilegheit i Hareid sentrum.

Familien på Italia-ferie sommaren 2023. Her ved Domen i Milano, Duomo di Milano. Frå v.: sonen Luqman Kasif, kona Hinna Kashif, Muhammad Kasif Mumtaz og dottera Inayah Kasif. Foto: Privat

Målet er fornøgde kundar

- Apotek1 har laga seg ein langsiktig plan for vidareutdanning. Apoteket på Hareid skal få ein apotekar til, slik at eg lettare skal kunne kome meg til Stavanger og Sokndal. Eg kan forsikre om at vi ikkje kjem til å stenge apoteket på Hareid fleire gonger, understrekar han.

Mumtaz er oppteken av at det må kome fram at Apotek1 på Hareid tek kundebehandling på alvor, og at fornøgde kundar er målet deira. Han tipsar om at dei gjerne vil ha tilbakemelding frå kundane og at det inne på nettsida deira er eit digitalt skjema for tilbakemeldingar både for godt og gale.

Eit nytt tilbod, som straks kjem ved apoteket på Hareid, blir setjing av vaksiner, undervisning for dei som brukar medisin som skal inhalerast og samtalar med folk som skal starte med blodtrykksmedisin. I Ulsteinvik har desse tilboda alt starta opp.

Mumtaz ber folk merke seg at dei alltid må ha med seg legitimasjon når dei skal hente ut medisin frå elektroniske reseptar.

- Dette er ikkje noko som vi på apoteket har funne på, det er eit krav frå styremaktene.

Mumtaz har tre papegøyer; to ungar og ei vaksen som kan snakke. Her med Simon, den eldste. Foto: Privat

- Mangelen på utdanna helsepersonell er stor over heile Europa. Både når det gjeld legar, farmasøytar og sjukepleiarar, fortel han.

Alle dei fire fast tilsette ved Apotek1 på Hareid er av utanlandsk herkomst. Ei er opphaveleg frå Somalia, ei er frå Polen og to har røtene sine i Pakistan. Mumtaz slår fast at slik er det ved mange apotek.

Lang medisinsk utdanning

Ein apotekar har ei lang medisinsk utdanning bak seg. Først fem års studiar og deretter to år i praksis. Mumtaz fortel at det finst to typer farmasøytar; reseptoar-farmasøytar, som rettleiar i rett bruk av legemiddel og ekspederer reseptar, og provisor-farmasøytar. Sistnemnde gruppe har ei lenger utdanning og er ekspertar på legemiddel, har inngåande kunnskap om korleis dei blir laga og virkar på kroppen. Det er provisor-farmasøytane som kan bli apotekarar.

På veg til hytta familien leiger i Farsund Foto: Privat

Mangelen på provisor-farmasøytar gjer at dei ofte får tilbod om gode jobbar i større byar, og så blir dei der verande. Dette gjer at det blir vanskeleg å få apotekarar til mindre kommunar.

Mykje familie i Stavanger

Det er no 11 år sidan Mumtaz flytta til Noreg for godt. Men han fortel at far hans kom til Noreg alt i 1965 og fekk seg jobb på smelteverket i Sauda. Det same gjorde ein onkel og fleire andre i familien, og Stavanger vart etter kvart ein samlingsplass for storfamilien, som i dag har alt frå restauranteigarar, apotekarar og legar blant seg. Sjølv om foreldra til Mumtaz har flytta til England, føler han no at Noreg er heimlandet hans, sidan både han og kona har så mykje familie her.

- Eg elskar Noreg. Det er det beste landet i heile verda. Her er likestilling, og folk er hyggelege. I Pakistan er det så stor skilnad på fattige og rike.

På den korte tida han har vore på Hareid har han ikkje fått sett så mykje av kommunen. Det er mørkt når han kjem om morgonen, og mørkt når han reiser tilbake til Ørsta etter avslutta arbeidsdag. Men det går mot lysare tider - og får han seg eit husvære på Hareid, skal det blir meir tid til å sjå seg om.