Ein mild vinter gjer at mange sniglar har overlevd under steinar. Kvar snigle legg 400 egg, og folk kan vente seg storinvasjon i hagane sine.

Hageselskapet Hareid og Ulstein vil komande måndag ta oppstilling utanfor Ulstein og Hareid rådhus og selje stoffet “Nemaslug”. Folk må ta med seg ei bøtte med lok, ei literflaske eller noko anna tett, for Nemaslugen blir blanda ut med vatn.

Berit Aarseth, leiar i Hagelaget Hareid og Ulstein, rår folk til å setje ut små skåler med Nemaslug under busker og planter, og ha nokre eplebitar eller blad oppi. Sniglane som kjem for å ete blada, får då i seg gifta, svulmar opp og døyr.

Bakteriar

Dei daude sniglane kan leggjast ut som åte. Sniglane er kannibalar, og gifta blir overført til sniglar som prøver å ete dei. Dermed døyr også dei.

Nemaslug inneheld nematoder som har med seg bakteriar, og det er bakteriane som tek livet av sniglane.

Måndag 7. mai om ettermiddagen kjem Hagelaget Hareid og Ulstein først til Ulstein rådhus for å selje nemaslug. Ein time etter reiser dei vidare til parkeringsplassen utanfor Har-eid rådhus.

Planen er å gjenta salet fleire gonger ut over våren og sommaren.