I samband med budsjetthandsaminga fremjar Ulstein Venstre verbalframlegg om å starte eit forprosjekt for påbygging av Ulsteinvik Barneskule.
Framlegget sikrar at ein får ei utgreiing om påbygg på barneskulen i Ulsteinvik, samstundes med at ein gjer ei utgreiing om eit nytt kyrkjebygg.
Ulstein Venstre meiner at kommunen kan gjere båe delar for seinare å eventuelt prioritere mellom prosjekta. På det viset slepp kommunnen å miste framdrifta i sakene rundt forprosjekt for ny kyrkje, og for påbygg på barneskulen i Ulsteinvik.
– Påbygget på barneskulen i Ulsteinvik trengs sårt. Situasjonen er ikkje ahldbar slik han er no byggmessig på skulen, argumenterer Pål Grødahl som er gruppeleiar for Ulstein Venstre.
Framlegget frå Ulstein Venstre: "Ulstein kommunestyre ber administrasjonen om å leggje fram ei sak om forprosjekt for påbygging av Ulsteinvik Barneskule. Saka vert å leggje fram i løpet av 1. halvår 2017".
Det vil seie at kommunen ikkje løyver pengar til påbygging i neste års budsjett, men dei forpliktar seg til å sjå på dette neste år.
Les også:
Utbygging av Ulsteinvik barneskule