Manglande vintervêr er ein fordel, men har ikkje spart så mykje tid under arbeidet med Garneskrysset.
Det noverande krysset skal bytast ut med ei rundkøyring, i tillegg til at det skal opparbeidast eit rutebilknutepunkt, samt gang- og sykkelveg. Prosjektet som har ein kostnad på 20 millionar kroner er ein del av prosjektpakken «Fv. 61 Ytre Søre Sunnmøre» og er venta ferdig i løpet av september. Illustrasjon Statens vegvesen.