Arealet er i sin heilskap meint som utviklingsareal for Hareid Rør og Interiør AS. Men sidan dei på noverande tidspunkt ikkje har synt interesse for å utvikle arealet gjekk Hareid formannskap i siste møte inn for at Hapark AS kan få leige området av Hareid kommune til opparbeiding av bubil-plasssar.

Initiativet frå Hapark AS er ikkje i strid med reguleringsføremålet – og heller ikkje til særskilt hinder for framtidig utvikling av området.

Hapark skriv i eit brev til kommunen at dei vil forplikte seg til å opparbeide området og gi plass til 4-6 bubilar. Hapark AS vil ta på seg kostnadene ved opparbeidinga som motyting for å ikkje betale leige for området i leigeperioden.

Hapark tilbyr seg både å skilte og å handheve og krevje inn avgifter.

Positivt for Hareid sentrum

- Å få etablert ei bubil-parkering sentralt i sentrum, i tilknyting til hamna og fasilitetane til småbåthamna, vil truleg i all hovudsak vere positivt for Hareid sentrum, skriv rådmannen i saksutgreiinga si.

Til spørsmål i formannskapet frå Annika Brandal (V) og fleire andre sa konsulent Kai-Rune Bjørke at tømeplass i tilknyting til bubil-parkeringa ikkje vil kunne vere på plass før  i 2017, men det er dimensjonert for slik tøming.