Det er sendt ut OBS-varsel frå Meteorologisk Institutt om at det er venta kraftige vindkast i Møre og Romsdal søndag kveld. Dette gjeld i hovudsak i indre strok.

- Ut ved kysten vil ein få ein meir stabil vind, så her vil ein ikkje oppleve desse kraftige vindkasta som vi reknar med kan kome opp i 25 - 30 sekundmeter, seier vakthanvande meteorolog, Kristen Gislefoss.

Gislefoss fortel at vinden kjem frå søraustleg retning og skriv seg frå det han kallar eit haustlavtrykk.

Vinden vi opplevde tidlegare i helga skriv seg også frå eit slikt lavtrykk. Det bles då såpass kraftig at delar av eit tre ved den gamle kyrkjegarden på Ulstein brotna av.

- Vi går inn i ein periode der temperaturkontrastane vert større og dette fører til at det vert danna kraftigare lavtrykk, forklarer statsmeteorolog Kristen Gislefoss.