– Når du kjem ut for noko sånt, handlar du eigentleg berre på instinkt, seier Jørn Skår. Tidleg laurdag ettermiddag var han på veg heim til Ulsteinvik frå Havyardcup i Fosnavåg saman med seksåringen. Berre nokre sekund før Skår køyrer inn i Kvalnestunnelen skjer ulukka: ei møteulukke mellom ein personbil  og hengaren på ein vogntog.

– Eg såg ikkje sjølve smellen, men såg røyk og at det låg bildelar i vegbana, fortel Skår.

Sat fastklemt

I personbilen var det to kvinner. Passasjeren klarte å kome seg ut av bilen på eiga hand, men sjåføren sat fastklemt.

– I bilen bak meg var det ei kvinne som fortalde at ho jobba i helsevesenet. Ho sette seg inn i bilen som hadde forulukka, for å passe på henne som sat fast, fortel han.

Skår ringde naudtelefonen med ein gong og hadde dei på øyret heile tida. Han fortel at det tok rundt femten minutt før den første ambulansen kom.

– Minutta gjekk veldig sakte, seier han, men sjølv om det heile verka dramatisk, fekk vi raskt kontroll.

Moldsekkar og kjeledress

Då passasjeraren i ulukkesbilen hadde behov for å legge seg ned, ville ikkje Skår og dei andre på staden legge henne rett ned på den kalde asfalten.

– Eg hadde tre sekkar med hagejord i bilen. Oppå dei la vi ein kjeledress, slik at kvinna fekk seg lagt seg ned. Så la vi eit golvteppe oppå henne, fortel Jørn Skår.

Til vanleg jobbar han på oljerigg i Nordsjøen og er drilla i både førstehjelp og skadestadsleiing.

– Klart det hjelpte at eg har gjennomført ei rekkje tryggingskurs. Det er sjølvsagt skremmande å kome ut for ei ulukke, men du vert så full av adrenalin at du berre handlar på autopilot, fortel Skår du Vikebladet Vestposten møter han eit par dagar etter ulukka.

Gransking

Etterforskingsleiar i politiet, Even Haavik, seier at dei som kom først til staden, gjorde ein viktig jobb.

– Vi har ikkje konkludert med kva som var årsaka ulukka i Kvalnestunnelen, seier Haavik.

Ingen førarkort vart inndregne etter ulukka.

– Viss nokon har sett noko i forkant av ulukka som kan vere interessant, må dei ta kontakt med oss, seier Haavik.

Sidan ulukka skjedde i ein tunnel og det var eit tyngre køyretøy involvert, vart også Statens vegvesen kopla inn.

Dei dreiv med undersøkingar på staden utover laurdagen. Det var stor utfart laurdagen, så det danna seg langt køar på begge sider av tunnelen etter ulukka. Personbilane vart etter kvart dirigerte om gamlevegen ved tunnelen, medan større køyretøy måtte køyre om Hareid eller Festøya.

Tunnelen vart ikkje opna igjen før natt til søndag.

Lettare skadde

Ei kvinne i tjueåra og ei kvinne i femtiåra vart sende til sjukehus etter ulukka. Begge fekk lettare skadar.

– Heldigvis ser det ut til å gå bra med dei, det er det viktigaste, seier Jørn Skår.

Han fortel at han og seksåringen har snakka mykje om ulukka i etterkant, sidan det heile var ei skremmande oppleving for guten.

– Konklusjonen er i alle fall at det er viktig å bruke bilbelte. Utan det, trur eg utfallet laurdag kunne ha vorte mykje meir alvorleg, seier Skår.

Ved Kvalnestunnelen: Jørn Skår er tilbake ved Kvalnestunnelen i Ulstein. Saman med fleire andre gjorde han ein viktig innsats etter ulukka laurdag. Foto: Linda Eikrem Foto: Linda Eikrem
Dette bildet er teke ei stund etter ulukka. Bilen til Jørn Skår er til venstre. Han står og snakkar med brannfolka. Foto: Reidulf Botn