– Eg er rett og slett veldig oppgitt. Slik føler dei det sikkert også på andre mottak som vert nedlagde, seier Aske.

Før helga fekk ho vite at Utlendingsdirektoratet, UDI, har bestemt seg for å seie opp avtalen med LINK-mottaket på Hareid. Årsaka er at det kjem færre asylsøkjarar til Noreg.

– Det finst ikkje nokon måte å klage på vedtaket på, men eg vil be dei forklare litt vidare. Men eg forstår at dette ikkje er lett for UDI heller, dei må forhalde seg til politikken Noreg fører, seier mottaksleiaren.

- Sylvi Listhaug snakkar mykje om terrorisme og radikalisering, men det er det vi skaper med denne politikken: gutane vert sinte og frustrerte og kjem fort inn i miljø som ikkje er positive for dei, seier Aske.

Mottaket i Myrtunet har i dag 25 mindreårige asylsøkjarar frå Afghanistan og Eritrea. Den yngste er femten, den eldste snart atten år. Tre har fått opphald i Noreg, resten ventar på endeleg avgjerd om opphald.

Etter at nedleggingsvedtaket vart kjent, har det rausa inn med støttemeldingar. Aske viser lokalavisa ei melding frå ein verje, som skriv følgjande:

«Det er eit utruleg godt arbeid som er her er gjort. Eg meiner at om mottak skal leggast ned, så burde EMA mottak Hareid vere det siste på lista i Noreg.»

Og ei melding frå ein lokalpolitikar:

«Skepsisen var stor i bygda før det ble etablert, men alle fordommene som var der før dere starta har dere vist var feil. Du, de ansatte og ikkje minst ungdommane har vært en berikelse for Hareid.»

Også ordførar i Hareid, Anders Riise, seier seg lei for vedtaket.

– Dette er veldig synd, mottaket har fungert veldig godt og vert til dømes brukt som ressurs når det gjeld returarbeidet. Det er vel ikkje så mykje Hareid kommune kan gjere, men eg reknar med at vi sender eit brev til UDI for å seie at vi ikkje synest noko om vedtaket, seier Riise.

Mottaksleiar Aske fortel at stemninga har vore roleg og nedtrykt etter at nyheita vart kjend.

Kva seier du for å trøyste gutane?

– Eg finn ikkje ord som kan trøyste. Eg fryktar at nokre av gutane kjem til å stikke av til andre land i Europa, seier Aske.

Mottaket har siste driftsdag 30. november.