– Dette har store konsekvensar for kvardagsreisa i distrikta, der mange fryktar for tryggleiken på vegane på grunn av det dårlege vedlikehaldet, seier administrerande direktør Stig Skjøstad i NAF til NTB.

Det er sett av 415 millionar kroner til fylkesvegane for 2024, mens budsjett i år var på 389 millionar kroner. Tilskotet har med det auka med 26 millionar kroner.

Også KS er skuffa over fylkesveg-løyvingane.

– Manglande satsing på fylkesvegane er både overraskande og skuffande når statsråden så tydeleg tar til orde for godt vedlikehald og eit trygt fungerande vegnett som kan brukast i mange år, seier Gunn Marit Helgesen i KS i ei pressemelding.

Ropte varsku

Risikoen for å bli drepen eller hardt skadd på fylkesvegane er nesten 90 prosent høgare enn på riksvegane, ifølgje ulykkesstatistikken for 2018 til 2021.

I august kom fylkeskommunane og Statens vegvesen med ei kartlegging der det går fram at ein vil trenge 85 og 95 milliardar for å reparere fylkesvegane i Noreg. Det talet var langt høgare enn ti år tidlegare då ein anslo at ein ville trenge mellom 45 og 75 milliardar kroner.

– Viss ikkje vi får midlar no, då greier vi ikkje å halde tritt med forfallet, og då aukar etterslepet. Då vil vi få endå dårlegare og farlegare fylkesvegar, sa fylkesordførar Jon Askeland i Vestland til NRK i august.

Vedlikehaldsetterslep

I juni vedtok Stortinget at dei ønskjer ein heilskapleg plan for å redusere vedlikehaldsetterslepet på riks- og fylkesvegar.

«Stortinget ber regjeringa utarbeide ein heilskapleg og forpliktande plan for å redusere vedlikehaldsetterslepet på riksvegar og på fylkesvegar i samarbeid med fylkeskommunane, og komme tilbake med forslag til Stortinget som del av Nasjonal transportplan.»

Regjeringa skriv i budsjettforslaget sitt at kartlegginga kan inngå i meldinga om Nasjonal transportplan 2025–2036.

Ras- og skredsikringsplanar

Stortinget har òg bede regjeringa få fart på arbeidet med å få utarbeidd heilskaplege nasjonale ras- og skredsikringsplanar som omfattar alle skredpunkt med høg og middels skredfare, både for riksvegnettet og for fylkesvegnettet. Stortinget ønskjer at planane skal vere ferdige før utgangen av 2023.

– Samferdselsdepartementet har bede Statens vegvesen levere oppdatert kartlegging til arbeidet med Nasjonal transportplan 2025–2036. Dette blir etter planen levert hausten 2023, skriv regjeringa i samferdslebudsjettet.

Dei opplyser òg at: «Departementet vil kome tilbake til saka på eigna måte.»

(©NPK)