(Møre-Nytt): 78-åringen er plaga med dels sterke smerter i hofta, og har fått klarsignal til å skifte hofta på sjukehuset i Volda.

Men no har han fått beskjed om at han kanskje må vente til april.

Kapasitet

Og det er fordi tilsette på sjukehusa i mellom anna Møre og Romsdal får redusert kapasitet på planlagde behandlingar fordi dei skal få opplæring i det nye journalsystemet Helseplattforma.

– Vi forventar framover lengre ventetid og fleire fristbrot for planlagde behandlingar, sa administrerande direktør Olav Lødemel i Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding denne veka.

Samtidig ligg pensjonerte Odd Jarle Ertresvåg i Volda store deler av dagane på sofaen og et sterke tablettar, ikkje fordi han er lat, nei, for det er friluftsmannen ikkje. Men fordi han har sterke smerter, og ikkje kan ta seg fram som før.

Artrose

– Eg fekk like før jul konstatert at mi arvelege artrose «krev» at den venstre hofta må skiftast snarast. Den aukande smerten, med søvnløyse og følgande plager, gjer at eg må ta sterke betennelsesdempande og smertestillande medisinar, for i det heile å «fungere», fortel 77-åringen, kjend frå det lokale handballmiljøet.

No klarar han heller ikkje å stå i Volda mannskor, og utanlandsturen til Edinburgh i sommar kan stå i fare.

– Verda går ikkje under, men eg vedgår at situasjonen er noko trasig, ja, det går litt ut over livskvaliteten, reflekterer Odd Jarle.

Odd Jarle likar seg godt i naturen. Foto: Privat.

Han understrekar at han ikkje vil stå fram som ein sytekopp.

– Nei, folk har det verre men eg, og eg klandrar på ingen måte dei fantastiske folka som jobbar på Volda-sjukehuset, dei er av topp klasse, rosar Odd Jarle.

Han har nærast stambord på operasjonsavdelinga i Volda. For seinare år har han med hell fått sett inn tre proteser, i begge knea og eine hofta, og elles har han fått operert ei skulder - alt på ortopedisk avdeling på Volda-sjukehuset.