Torsdag var representantar frå Sunnmøre Friluftsråd på besøk på Hareid og hadde møte med Hareid kommune.
Då Hareid og Sande no melde seg inn i Sunnmøre Friluftsråd, er alle kommunane på Sunnmøre med, noko Anne Berit Støyva Emblem ser på som ein fordel i arbeidet. Då blir dei sterkare.
Sunnmøre Friluftsråd er 100 prosent eigd av dei 14 kommunane. Kvar kommune har ein representant i styret.
Starta med open talarstol
Ordførar Bernt Brandal minner om at det var Anja Holstad som under open talarstol hausten 2020 tok opp at Hareid kommune burde melde seg inn.
Vil ha "Stikk UT!" til Hareid
Sidan då har dei arbeidd med å finne pengar til å melde seg inn. Dei vurderte ein periode ein spleiselag, men den måten å gjere det på ville ikkje følgd statuttane til friluftsrådet. Det er kommunane som melder seg inn, og finn pengar til dette.
Vedtok budsjettet: - Det vil krevje streng disiplin
Slik gjekk det med innmeldinga i Friluftsrådet
Kommunedirektør Ragnhild Velsvik Berge fann inndekking til 60 prosent av utgiftene med å melde seg inn i sitt budsjettframlegg for 2022, politikarane fann resten, forklarer Brandal, som er godt nøgd med at Hareid kommune no er med i Sunnmøre Friluftsråd. Han meiner at kommunen får mykje igjen for medlemskapen.
Vil Hareid finne pengar til å melde seg inn i Sunnmøre Friluftsråd i år?
Tilrettelagde turar
Det er nok særleg Stikk ut-turane til Sunnmøre Friluftsråd som flest kjenner til. Det blir laga til tilrettelagde turar for ulike nivå, alt frå enkle trilleturar til langt med strabasiøse turar. Det blir laga til kart som viser alle Stikk ut-turane i området, der det står om kvar tur.
Vil ha fleire slike turar for dei som er rørslehemma
Hilde Ellingsæter, som har ansvar for Stikk ut-turane, fortel at dei har ein del kriterium desse turane skal oppfylle. Dei skal ikkje vere i sårbar natur, og ein skal ta omsyn til beitedyr og drikkevatn. Det må også vere tilrettelagt med p-plassar.
Når ein tursti blir ein Stikk ut-tur veit dei at trafikken på stien kjem til å gå opp, så det må ein også tenkje over.
Brandal presiserer at det er ein del idrettslag i kommunen som også merkar turstiar, og det er ikkje meininga å vere ein konkurrent til dei, heller supplement.
Stikk ut har ein eigen app der ein kan få opp turtips i nærleiken, og ein kan registrere turar ein har vore på. Ellingsæter fortel stolt at i fjor var det 20 prosent av alle innbyggarane på Sunnmøre som deltok. I dette er det mykje folkehelse.
Talet på registrerte turar aukar stort kvart år, særleg har det vore populært under pandemien å kome seg ut.
Så mykje meir
Men Sunnmøre Friluftsråd er altså så mykje meir enn Stikk ut-turar.
Dei har også ein del aktivitetar å tilby utanom. Mellom anna arbeider dei for å få meir aktivitet i skulane. Mellom anna har dei «Slå på ringen», der dei reiser rundt og lærar opp elevar og lærarar i tradisjonelle uteleikar ein kan leike i skulegarden som ikkje krev så mykje utstyr.
Det kan vere enkle aktivitetar som å hoppe paradis, som det viser seg at mange av borna som veks opp i dag ikkje kan.
Eit anna aktivitetstilbod dei har er kajakk i skulen. Då lærer dei opp lærarar til å bli kajakkinstruktørar.
I desse prosjekta lærer dei opp andre i å lære vidare, så aktiviteten held fram også etter dei er ferdige. Og dei tilbyr friluftsleirar for born og unge.
Sunnmøre Friluftsråd arbeider også med statleg sikring av friluftsområde. Når eit område blir statleg sikra kan dei hjelpe å utvikle området, og ein kan søkje på pengar til toalett, gapahuk osb.
Har laga forvaltningsplan for Eiksundstranda og Kjerringnesvatnet
Marin forsøpling er også eit viktig arbeidsområde for friluftsrådet. Her kan dei bistå med organisering og utstyr. Skjergårdstenesten kan frakta frivillige til øyer for å plukke søppel, og friluftsrådet kan hente det dei samlar inn.