Det fell ikkje alle like godt i smak. Denne sommaren vart "Aksjonen for å ta vare på/verne badestranda på Raffelneset" skipa. Anne-Marie Saunes Overå, Marte Hareide og Magnus Moldskred står i bresjen for gruppa.

Dei har mellom anna samla inn underskriftene til nærare 400 personar som ønskjer å verne stranda. 3. juli vart det halde eit folkemøte på Raffelneset der om lag 40 personar samla seg for å legge strategien vidare. Eit 30 sider langt brev har blitt sendt til Hareid kommune.

Vikebladet Vestposten stakk innom Raffelnesstranda då det vart arrangert strandfest fredag kveld. Mellom 30 og 40 personar var til stades då festen starta.

Emil Bastian Reite opna festen med å spele "Nordmannen" på trompet. Vidare spelte André Smoge og Stephanie (frå California) eit par songar.

Anne-Marie Saunes Overå heldt ein kort appell før grillen vart fyrt opp. Aksjonsgruppa håper dei som er i ferd med å gjere om Raffelnesstranda og sjøen utanfor til industriområde stoppar arbeidet.