Etter ein litt svak start på vårsesongen tok det seg opp dei siste kampane for Hasundgots del.

På dei siste fem kampane før torsdagens oppgjer hadde Vidar Ertesvågs gutar berre tapt éin kamp.

Med siger mot Vartdal på bortebane kunne dei sikre seg eit godt utgangspunkt før hasutsesongen.

Det starta derimot dårleg, med baklengs allereie etter fem minutt.

Til pause stod det 3-1 til heimelaget, men ytterlegare fem mål skulle kome i den andre omgangen.

Kampen enda derfor med 5-4 til vertane på Vartdal stadion.

* Les meir om kampen i laurdagens papiravis av Vikebladet Vestposten.

KampfaktaVartdal–Hasundgot 5–4 (3-1)Vartdal stadionTilskodarar: 25Mål HIL: Kjetil Knotten, Erik Hasund, Ole Magnus Melchior, Lars MorkDommar: Henning Skjeret, Volda TIIngen gule for HIL.

Hasundgot (4-3-3): Fredrik Sundal–Robin Vågeskar, Martin Longva, Terje Longva, Mats Bigset–Ole Magnus Melchior, Kjetil Knotten, Ruben Muren–Erik Hasund, Lars Mork, Sveinar Øvrelid

Inn:Lars Henrik Hasund, Alexander Vattøy, Marius Vartdal