Regjeringa avviklar kravet om innreisekarantene for personar utan gyldig koronasertifikat. Dei meiner kravet ikkje lenger er smittevernfagleg nødvendig.

Dei nye reglane trer i kraft natt til onsdag 26. januar.

I dag må personar som kjem til Noreg frå eit område med karanteneplikt, og ikkje kan dokumentere at dei er fullvaksinert eller har gjennomgått covid-19 med gyldig koronasertifikat, i innreisekarantene.

I ei pressemelding skriv Helse- og omsorgsdepartementet at Folkehelseinstituttet (FHI) har tilrådd dette til regjeringa. FHI viser til at reisande "utan koronasertifikat" utgjer 7 prosent av dei registrerte reisande, og 4 prosent av smittetilfella.

Relativt liten del av dei smitta

– Eg er samd med FHI i at delen smitta blant innreisande utan koronasertifikat er så liten relatert til den smittesituasjonen vi har i Noreg no, at tida er inne for å endre på kravet om innreisekarantene, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) i pressemeldinga.

Departementet opplyser at reisande framleis må teste seg og registrere seg ved framkomst til Noreg. Krav om attest for negativ test teke før framkomst gjeld òg framleis for personar som ikkje kan dokumentere med koronasertifikat at dei er fullvaksinert eller har gjennomgått covid-19.

Behov for samanheng

Kjerkol forklarer at ei viktig årsak til at ho no meiner vi bør oppheve kravet om innreisekarantene, er behovet for å sjå smitte- og innreisekarantene i samanheng.

– Smittekarantene for nærkontaktar som er husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære, er allereie avvikla. Frå 26. januar vil smittekarantene for husstandsmedlemmer og tilsvarande nære vere mogleg å erstatte med dagleg testing, seier Kjerkol.

Dei som allereie er i innreisekarantene, kan gå ut av denne frå og med midnatt, natt til 26. januar.