Klokkar Inge: Så å seie på kvar gudstenestesøndag gjennom 41 år har Inge Kaldhol vore klokkar. Ei stilling han eigentleg sa opp frå 1. november, men valde å halde fram i til nyttår. No blir han også med ein del i år, under NRK-gudstenestene og nokre søndagar elles. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Frå klokkar og sportsmann til pensjonist

Etter 41 år som klokkar i Ulstein kyrkje og 50 år i sports- og friluftsbransjen, gjekk Inge Kaldhol (67) før årsskiftet over i pensjonistane sine rekkjer. Men, han er litt for rastlaus til å halde seg heilt unna.