Torsdag morgon segla to taubåtar innover forbi Ulstein og Skeide med dei siste seksjonane til det fyrste av to ekspedisjonsskipa Kleven Verft bygger for ein av sine nye medeigarar, Hurtigruten. Like etter runda dei Osneset og tok til på siste turen over Lyngnesvika mot verftet.

- I løpet av helga kjem dei siste seksjonane på plass på beddingen, og då får ein sjå konturane av korleis skipet blir til slutt, seier kommunikasjonssjef i Kleven, Ellen Kvalsund.

Det første av to, kanskje fire (opsjon på to skip), ekspedisjonsskipa er no under bygging ved Kleven Verft. Skipa blir fullspekka med innovative teknologiske løysingar og utstyr i ypparste verdsklasse. Men ikkje minst, skipa blir også fullspekka med komfort og luksus.

MS Roald Amundsen blir 140 meter langt og 23,6 meter bredt, og vil huse ikkje mindre enn 530 sengeplassar. Skipet vil ha eit mannskap på rundt 150 personar.

MS Roald Amundsen skal etter planen leverast sommaren 2018, medan søsterskipet MS Fridtjof Nansen skal leverast året etter.