Kommuneoverlege Ottar Grimstad oppmodar fleire grupper til å vaksinere seg mot influensa. Foto: Anne Gry Eilertsen

Folkehelseinstituttet tilrår no at òg gravide bør vaksinere seg mot influensa. Dette gjeld gravide som er tolv veker eller meir på veg. Det kan òg vere aktuelt å vaksinere dei som er under tolv veker på veg, om dei har andre risikofaktorar. Det bør i så fall desse kvinnene diskutere med legen sin.

Leversjuke og overvektige

Personar med kronisk leversjukdom og overvektige med ein BMI på over 40, er to andre grupper som no blir råda til å vaksinere seg.

Ottar Grimstad, som er overlege i Hareid og Ulstein, kan fortelje at dei nye råda kjem på bakgrunn av røynsler frå Australia og New Zealand.

– Desse landa bruker å liggje eit halv år føre oss i utbreiing av influensa. Her har ein denne sesongen sett mykje alvorleg sjukdom i desse gruppene, melder kommuneoverlegen.

Ny vaksinasjonsdag

I Ulstein blir det ein ny vaksinasjonsdag ved helsestasjonen på Reiten måndag 25. oktober. I Hareid er det influensavaksinering på Hadartun torsdag 21. oktober.

Meir informasjon om dette kjem via annonsering i Vikebladet Vestposten og på nettsidene til kommunane når datoane nærmar seg.

I tillegg til dei nye gruppene, oppmodar dei framleis dei over 65 år, eller har lungesjukdom, hjartesjukdom, nedsett immunforsvar, diabetes eller nyresvikt om å vaksinere seg.

Kommuneoverlege Ottar Grimstad oppmodar fleire grupper om å vaksinere seg mot influensa.