Sunnmørsposten skriv i dagens avis at helseføretaka drøftar ulike alternativ rundt funksjonar i framtida. Dei gjer dette for å førebu seg på nasjonal sjukehusplan. Dei skal ikkje vedta noko no. Nasjonal sjukehusplan kjem til hausten og skal handsamast av Stortinget våren 2016.

I morgon, onsdag, skal styret i Helse Møre og ROmsdal få lagt fram ei fagleg og klinikkvis gjennomgang for korleis strukturen i framtida kan bli. Om stamvegen blir ferjefri, kan lokalsjukehus miste akuttfunksjonen. Førebels er det ikkje gjort ei formell vurdering av dette.

Volda-ordførar Arild Iversen er skeptisk til planane. Han hevdar ingen klagar på kvaliteten ved det akuttkirurgiske tilbodet i Volda no. Iversen meiner helseminister Bent Høie ikkje berre må sjå på pasientgrunnlag, men også geografiske avstandar og reisetid når han vurderer kor talet på sjukehus.

Helseføretaka vurderer også talet på fødeavdelingar og barneavdelingar.