Grim & Gryt Økobryggeri A/S på Hareid lanserer no det dei kallar for Norges første økologiske alkoholfrie øl på marknaden.
- Det alkoholfrie ølet er 100 prosent basert på økologiske råvarer og brygga med dei beste handverkstradisjonar, som er kjenneteikn på alle Grim & Gryt sine øl, fortel bryggeriet i ei pressemelding.
"Leskande alternativ"
Lokalavisa fekk ein liten kik på dei flotte nye flaskene med Grimstadvatn, og ifølgje Grim & Gryt er dette eit heilt lyst og humleprega øl, som dei meiner kan vere eit leskande alternativ til sterkare drikk og brus.
- Vi har brukt lang tid på å utvikle ølet og er svært fornøgde med resultatet, seier produksjonssjef Andreas Grimstad.
- Namnet gav seg sjølv
- Namnet Grimstadvatn kjem frå Hareid. Eg vaks opp ved bredda av Grimstadvatnet, så namnet på ølet gav eigentlig seg sjølv!, seier Andreas Grimstad og legg til:
- Målet vårt er å kunne tilby eit øl til alle høve og at alle kan finne seg ei øl frå Grim & Gryt dei kan like, seier dagleg leiar Øyvind Grimstad Gryt.
Grim & Gryt sine øl får ein no tak i hos Vinmonopolet samt butikkar i Norgesgruppen, Coop og Bunnpris, i tillegg til mange utestadar og restaurantar.
- Alle butikkar på Sunnmøre og Nordfjord har høve til å ta inn ølet vårt, og i løpet av den næraste tida får vi ein avtale om levering til Hordaland, Sogn og Sunnfjord. Då kan nesten heile Vestlandet få tak i lokalt økologisk handverksøl, seier Øyvind Grimstad Gryt.
Selde 20.000 liter i fjor
I 2016 vart det seld over 20 000 liter økologisk handverksøl frå Hareid til butikkar og personar kring om i heile landet. I januar i fjor vann bryggeriet ølprisen i Det Norske Måltid med 6060 Lys Øl, bestseljaren frå bryggeriet.